Oppland fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oppland)
Gå til: navigering, søk
Oppland fylke
Våpen Kart
Adm.senter Lillehammer
Areal 25 192 km²
Folketal 186 744 (1. juli 2011)
Nettstad www.oppland.no
Politikk
Fylkesordførar Gro Lundby, Ap (2011)
Fylkesmann Kristin Hille Valla
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Oppland fylke.svg
Oppland fylke på Commons

Oppland er eit fylke midt i Noreg. Det grensar til Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Buskerud, Oslo, Akershus og Hedmark. Oppland saman med Hedmark, er dei einaste fylka som ikkje har kyst.

Oppland har ein variert natur. Den sørlegaste delen er prega av flate bygder, lenger nord ligg dalføra Gudbrandsdalen og mot vest Valdres. Der ligg og fjellområda Jotunheimen, Reinheimen, Rondane, delar av Breheimen og Dovrefjell. Dei høgaste fjella i Noreg ligg i desse fjellområda.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Det renn to store og ei mindre elv gjennom Oppland. Frå Lesjaskogsvatnet renn Gudbrandsdalslågen som blir til Mjøsa ved Lillehammer som er Noregs største innsjø. Begna renn gjennom Valdres og Ottaelva renn igjennom Ottadalen.

Det er fire byar i fylket Gjøvik, Lillehammer, Otta og Fagernes. Fylkesadministasjonen ligg på Lillehammer.

Jordbruk, industri og turisme er dei største næringane i fylket.

[endre] Klima

Oppland har eit variert klima, særleg når det kjem til vind og nedbør. Dei fleste busette områda har eit «dalklima» med lite vind og nedbør, kalde vintrar og varme somrar.

I høgda bles det oftast frå mellom sørvest og vest, men den kraftigaste vinden kjem vanlegvis frå nordvest, og denne kan òg slå ned i dalane. I rolege vêrsituasjonar er det terrenget som pregar vinden. Om vinteren vil lufta ofte strøyme frå høgare til lågare nivå, ned dalsider og ut dalføra. Om sommaren bles det ofte dalvind motsett veg, særleg om ettermiddagen.

Middeltemperaturen varierer lite gjennom vinteren. I januar er middeltemperaturen mellom ca. –8 °C og ca. –12 °C både i dalføra og i fjellet. Dei lågaste temperaturane er frå –30 °C til –35 °C, enkelte stader ned mot –40 °C. I juli er middeltemperaturen stort sett mellom 14 °C og 16 °C i dalføra. Fjell rundt 1000 moh. har 10–12 °C, i 2000 moh. er den normale julitemperaturen 3–5 °C. Dei høgaste målte temperaturane nede i dalane er mellom 30 °C og 35 °C.

Nedbøren for året varierer frå kring 700 mm i søraust til 400 mm og til dels mindre i dalstrøka. Heilt nord i Gudbrandsdalen med sidedalane her finn ein dei tørraste områda i landet, som Skjåk, med under 300 mm på eit heilt år. Dette kjem av at området ligg i regnskuggen til dei høge fjellområda kring. Nedbøren aukar med høgda. I sentrale og søraustlege fjell er det rundt 1000 mm på det meste. Det kjem som regle mest nedbør i juli og august, men i fjellet kjem det òg mykje nedbør på vinterstid.

Tåke er vanlegast på hausten og tidleg på vinteren. I dalane er tåka stort lokal og opptrer oftast nær opne elvar og vatn. Tåke i fjellet kjem hovudsakleg av låge skyer som driv inn frå mellom vest og søraust. I dei sentrale fjellområda er det lite tåke.

[endre] Historie

Før Harald Hårfagre samla Noreg var Oppland eit småkongedøme. Nokre kongar av Oppland var

[endre] Kommunar

Nr. Namn Folketal Areal km² Distrikt
0501 Lillehammer kommune Lillehammer 000000000026599.000000000026 599 000000000000452.0000000000452,6 Lillehammer
0502 Gjøvik kommune Gjøvik 000000000028977.000000000028 977 000000000000631.0000000000631,6 Gjøvik
0511 Dovre kommune Dovre 000000000002758.00000000002 758 000000000001352.00000000001 352,2 Nord-Gudbrandsdal
0512 Lesja kommune Lesja 000000000002199.00000000002 199 000000000002175.00000000002 175,3 Nord-Gudbrandsdal
0513 Skjåk kommune Skjåk 000000000002285.00000000002 285 000000000001976.00000000001 976,7 Nord-Gudbrandsdal
0514 Lom kommune Lom 000000000002395.00000000002 395 000000000001900.00000000001 900,3 Nord-Gudbrandsdal
0515 Vågå kommune Vågå 000000000003721.00000000003 721 000000000001258.00000000001 258,3 Nord-Gudbrandsdal
0516 Nord-Fron kommune Nord-Fron 000000000005847.00000000005 847 000000000001098.00000000001 098,7 Midt-Gudbrandsdal
0517 Sel kommune Sel 000000000006005.00000000006 005 000000000000894.8000000000894,8,7 Nord-Gudbrandsdal
0519 Sør-Fron kommune Sør-Fron 000000000003208.00000000003 208 000000000000716.0000000000716,2 Midt-Gudbrandsdal
0520 Ringebu kommune Ringebu 000000000004549.00000000004 549 000000000001228.00000000001 228,8 Midt-Gudbrandsdal
0521 Øyer kommune Øyer 000000000005086.00000000005 086 000000000000621.0000000000621,1 Lillehammer
0522 Gausdal kommune Gausdal 000000000006147.00000000006 147 000000000001149.00000000001 149,7 Lillehammer
0528 Østre Toten kommune Østre Toten 000000000014599.000000000014 599 000000000000486.0000000000486,3 Gjøvik
0529 Vestre Toten kommune Vestre Toten 000000000012832.000000000012 832 000000000000231.0000000000231,6 Gjøvik
0532 Jevnaker kommune Jevnaker 000000000006349.00000000006 349 000000000000194.0000000000194,9 Hadeland
0533 Lunner kommune Lunner 000000000008658.00000000008 658 000000000000272.0000000000272,4 Hadeland
0534 Gran kommune Gran 000000000013428.000000000013 428 000000000000658.0000000000658,8 Hadeland
0536 Søndre Land kommune Søndre Land 000000000005836.00000000005 836 000000000000660.0000000000660,3 Gjøvik
0538 Nordre Land kommune Nordre Land 000000000006707.00000000006 707 000000000000924.0000000000924,6 Gjøvik
0540 Sør-Aurdal kommune Sør-Aurdal 000000000003173.00000000003 173 000000000001076.00000000001 076,4 Valdres
0541 Etnedal kommune Etnedal 000000000001373.00000000001 373 000000000000444.0000000000444,7 Valdres
0542 Nord-Aurdal kommune Nord-Aurdal 000000000006387.00000000006 387 000000000000853.0000000000853,5 Valdres
0543 Vestre Slidre kommune Vestre Slidre 000000000002225.00000000002 225 000000000000421.0000000000421,4 Valdres
0544 Øystre Slidre kommune Øystre Slidre 000000000003178.00000000003 178 000000000000882.0000000000882,6 Valdres
0545 Vang kommune Vang 000000000001604.00000000001 604 000000000001313.00000000001 313,6 Valdres
Totalt Oppland fylke Oppland 000000000186744.0000000000186 744 000000000025192.000000000025 192 Oppland

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk