Opptøyar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opptøyar der fagorganiserte, streikande Teamsters slost mot opprørspoliti i Minneapolis i 1934.

Opptøyar (frå lågtysk via dansk, eigenleg fleirtal av 'opptog') viser til valdeleg uro danna av store folkemengder. Dei kan finna stad som del av opprør eller protestar mot hendingar, tilstandar eller visse grupper, og kan føra til materielle skader og ved nokre høve skader på menneske og dødsdall. Deltakarar i opptøyar er ofte uorganiserte, og dei kan verka som kaotiske grupper prega av flokkmentalitet.[1] Forsking på hendingane tyder likevel på at opptøyar ikkje er irrasjonelle, men følgjer omvende sosiale normer.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.