Opptrekk i meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opptrekk er i meteorologien skyer som trekk opp opp på himmelen og tettar seg til. Ofte skjer dette føre eit nedbørsområde.

Mest vanleg består opptrekket av cirrus og cirrostratus som går over i altostratus. Strukturen og kor raskt skyene driv kan gje ein peikepinn på kva veg uvêret kjem frå og kor raskt det nærmar seg. Opptrekk er vanleg føre frontar og tropiske lågtrykk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«opptrekk – meteorologi» i Store norske leksikon, snl.no.