Oppvekstnamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppvekstnamn er etternamn bruka under oppveksten, før ein eventuelt skiftar etternamn i samband med eit giftarmål.

Tidleg på 1800-talet vart det vanleg blant borgarskapet i Noreg at jenter skifta etternamn når dei gifta seg. I løpet av hundreåret som følgde, breidde denne skikken seg til alle lag av folket. Etter namnelova av 1923 kunne jenter som fekk mannens etternamn ved giftarmål, halde fram å bruke «pikenamnet» som mellomnamn, utan særskilt løyve. Difor kunne t.d. Gro Harlem Brundtland bruke mellomnamnet Harlem, sjølv om ho i folkeregisteret er registrert med namnet Gro Brundtland.

Etter gjeldande lovgiving kan både kvinner og menn om dei vil skifte etternamn når dei giftar seg. Nemninga «pikenamn» er difor lite dekkande, og søkt avløyst av nemninga oppvekstnamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]