Optimalisere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Optimalisere tyder å gjere noko så godt som mogeleg eller føre noko til eit optimum. Det kan vere ein prosess eller eit system under visse vilkår. Optimalisering går gjerne føre seg ved at ein skapar ein matematisk modell av prosessen eller systemet, og ved hjelp av datamaskinar undersøker under kva forhold modellen fungerer best når ein varierer ulike parameterar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøn, Øyvind. (2009, 11. desember). Optimalisere. I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/optimalisere.