Optisk linse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sfæriske linse.
Eit kameraobjektiv, bygd opp av fleire linser.

Ei optisk linse er ein gjennomsiktig lekam som bryt lyset slik at det enten samlast i eit brennpunkt (samlelinse eller konveks linse) eller blir spreidd frå eit brennpunkt (spreielinse eller konkav linse).

På grunn av refraksjon (lysbryting) vil lyset bli bøygd, lysstrålane blir meir eller mindre sterkt samla eller spreidd alt etter den geometriske utforminga til linsa. Vanlegvis har ei linse to sfæriske (kuleforma) overflater med forskjellig radius, desse linsene vil ha eit brennpunkt. Det finst også linser der overflatene har sylindrisk form, desse vil fokusere på ei line i staden for på eit punkt. Konvekse linser er tjukkast, konkave linser tynnast på midten. «Styrken» til linsa blir enten gjeve som brennvidd eller som dioptri. Tidlegare vart optiske linser alltid laga av glas, i dag blir også ulike kunststoff brukt.

Det enklaste eksempelet på ei optisk linse er ei lupe, også kalla forstørringsglas. Andre eksempel er optiske mikroskop, refraktorteleskop og fotografiske objektiv. I briller blir linser brukt for å kompensere for augefeil der auga si eiga linse ikkje er i stand til å fokuserenetthinna, som regel blir ein kombinasjon av sfærisk og sylindrisk linse brukt. Langsynte vil til dømes bruke ei konveks linse.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.