Oranit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oranit (hebraisk אורנית) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1985. Folketalet er 6000.(2007) Oranit vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Busetjinga ligg i Tulkarm-provinsen, like aust for grensa mellom Israel og Vestbreidda.
Israel sin separasjonsmur/-gjerde går aust for Oranit, og skil dermed busetjinga fysisk frå resten av Vestbreidda.