Orchestral Favorites

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orchestral Favorites
Konsertalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 4. mai 1979
Innspelt Royce Hall i UCLA
september 19, 1975
Sjanger klassisk musikk
Lengd 33:57
Selskap DiscReet
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Sheik Yerbouti
(1979)
Orchestral Favorites Joe's Garage Act I
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Orchestral Favorites er eit album av Frank Zappa som kom ut i mai 1979 på hans eige DiscReet Records. Albumet er eit instrumentalalbum og besåtr av musikk som vart spelt inn av det 37 mann store Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra.

Albyumet kom til etter at Warner Bros. hadde avslått det kvadruple Zappa-albumet Läther. Etter å ha kravd fleire album enn det Zappa var nøydd til å levere i følgje kontrakten, gav selskapet ut konsertalbumet Zappa in New York. Eit søksmål følgde og medan saka pågjekk, gav Warner ut Studio Tan, Sleep Dirt og Orchestral Favorites utan løyve frå Zappa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1976 enda forholdet til Zappa med manager og forretningspartner Herb Cohen i ein rettstvist. Selskapet til Zappa og Cohen, DiscReet Records, vart distribuert av Warner Bros. Records. Då Zappa bad om å få kome overføre kontrakten sin frå DiscReet til Warner for å gjere spesielle prosjekt utan at Cohen var involvert, gjekk Warner først med på dette. Dette førte til utgjevinga av Zoot Allures i 1976 på Warner. Tidleg i 1977 leverte Zappa masterlydbanda til eit firedobbelt album kalla Läther.[2] Men Warner endra stillinga si etter søksmål frå Cohen, og nekta å gje ut albumet, og hevd at Zappa i følgje kontrakten var nøydd til å gje ut fire album til for Warner på selskapet DiscReet.[3]

I 1977 skapte Zappa dei individuelle albuma Zappa In New York, Studio Tan, Sleep Dirt og Orchestral Favorites ved å redigere innspelingane frå lydbanda til det kvadruple albumet[4] Etter Warner Bros. gav ut Zappa In New York, fortalte dei han at dei framleis kravde fire album til. Han prøvde så å få ein distribusjonsavtale med Phonogram for Läther på det nye Zappa Records. Dette gjorde at Warner truga med søksmål, og hindra utgjevinga av Läther, slik at Zappa måtte skrinlegge prosjektet. I 1978 og 1979 valde Warner å gje ut dei tre attverande individuelle albuma dei framleis hadde, Studio Tan, Sleep Dirt og Orchestral Favorites. Sidan Zappa berre hadde gjeve dei lydbanda, vart dei gjeven ut uten at det stod kven som spelte på albumet.[5] Warner besilte òg plateomslag av Gary Panter, som ikkje var godkjend av Zappa. Då desse først kom på CD i 1991 valde Zappa å gje dei ut som individuelle album med omslaga til Panter. Mange av songane på Sleep Dirt vart gjort tilgjengeleg att i ei alternative versjonar då Läther omsider kom ut i 1996, etter Zappa var død.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Tre av dei fem spora på albumet var meint for det skringlagde Läther-albumet. Musikken vart framført av det 37 mann store Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra med Terry Bozzio på trommer. Musikken vart hovudsakleg spelt live i Royce HallUCLA i september, 1975; med fleire lydspor lagt til i studio for å rette opp feil i framføringa. Dette var det tredje albumet Zappa gav ut med fullt orkester, etter Lumpy Gravy og 200 Motels. Albumet inneheld ein instrumental versjon av suiten The Duke of Prunes, som opphavleg kom ut i 1967 på Absolutely Free. Zappa spelar elektrisk sologitar med orkesteret på dette stykket. Strictly Genteel var opphavleg ein del av filmen 200 Motels og filmmusikkalbumet som følgde. Bogus Pomp består òg av tema frå 200 Motels.

Orchestral Favorites vart gjeve ut på nytt på CD av Barking Pumpkin i 1991. På CD-versjonen var venstre og høgre lydkanal byta om. Ei ny CD-utgåve kom ut i 1995 på Ryko. Mykje av songane på albumet kom med på Läther då dette endeleg vart gjeve ut i 1996, etter Zappa var død.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Strictly Genteel»7:04
2.«Pedro's Dowry»7:42
3.«Naval Aviation in Art»1:20
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Duke of Prunes»4:20
2.«Bogus Pomp»13:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Terry Bozzio – trommer
  • Dave Parlato – bass
  • Emil Richards – perkusjon
  • Frank Zappa – gitar, klaverinstrument, vokal
  • Mike Altschul - fløyte and klarinett *Bobby Dubow - fiolin
  • David Duke (musikar) - valthorn
  • Earle Dumler - obo
  • Bruce Fowler - trombone
  • Pamela Goldsmith - bratsj
  • Dana Hughes - bass trombone
  • Jerry Kessler - cello
  • Mike Lang - klaverinstrument
  • Joann McNab - fagott
  • Malcolm McNab - trompet
  • Dave Parlato - bass
  • Ray Reed - fløyte
  • Emil Richards - perkusjon
  • David Shostac - fløyte
  • John Wittenberg - fiolin

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1979 Pop Albums 168[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]