Orddeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For feildeling av ord, sjå særskriving.
Kolonne av latinsk tekst med orddeling.
Skrivemaskinside med orddeling.

Orddeling er eit typografisk om­grep for det å de­la ord som kjem på slutt­en av ei linje ved hjelp av binde­strek. Ord­deling føl­gjer vis­se reg­lar som skal gje­ra ord­et lett­are å le­sa rett. Ord­deling kan gje­rast ma­nu­elt ved å skri­va inn ein bin­de­strek og sjølv gjen­nom­fø­ra lin­je­skift eller det kan gje­rast au­to­mat­isk ved at ein set inn mjuk bin­de­strek, el­ler eit ord­del­ings­pro­gram kan hjelpa til med å de­la orda.

Orddelingsreglar[endre | endre wikiteksten]

Innanfor språkteknologi viser omgrepet «orddeling» til automatisk innsetjing av moglege bindestrekar (orddelingspunkt) i ord.

Norske ord kan delast etter følgjande algoritme:

  1. Samansette ord kan bli delt mellom dei samansette delane (trekk-spel, atmo-sfære)
  2. Ord kan delast etter morfologiske grenser: Etter eit prefiks eller før eit suffiks (be-stå, skri-ving)
  3. Viss eit ord har fleire stavingar, kan det delast på stavingsgrensa (ba-re, som-mar, ep-le-slang)

Reglane i algoritmane er ordna, slik at tidlege reglar virkar før seinare. Etter den siste regelen er det rett å dele atmos-fære, men ordet blir delt etter den første regelen.

I hovudsak er det to innfallsvinklar til orddeling: Den eine har eit sett med fonologiske reglar (t.d. «sett inn orddelingspunkt framfor kvar konsonant-vokal-sekvens»). Den andre listar opp moglege stammar, som ikkje skal delast, som sfære i dømet ovanfor. I praksis opererer dei fleste orddelingsprogramma med ein kombinasjon av dei to innfallsvinklane.

Ord kan ikkje delast slik at ein bokstav står åleine, midt i ei bokstavsamansetjing som utgjer éin språklyd, slik at ei staving blir delt, i ei forkorting, tal, dato og liknande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Kristensen og Dag Langmyhr: Two approaches to hyphenating Norwegia (tidlegare ved www.ifi.uio.no/~ftp/publications/pub/preprints/DLangmyhr-3.pdf)
  • Orddeling ved linjeslutt: orddelingsregler, korrekturavdelingen.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]