Ordenen for framifrå tenester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordenen for framifrå tenester

Ordenen for framifrå tenester (eng. Distinguished Service Order) er ein britisk militær dekorasjon. Han vart innstifta i 1886 av dronning Victoria og vert gjeven til offiserar for framifrå krigstenester, personleg vågemot eller framifrå leiing av av militære einingar. Innehavarar kunne leggje til DSO etter namnet sitt.

Trass i at mottakarane vanlegvis har majorgrad eller høgare, har dekorasjonen òg vore delt ut til offiserar av lågare rang.

Etter 1993 vert medaljen berre gjeven for framifrå leiing, då ein frå då av nytta Conspicuous Gallantry Cross som vågemotsmedalje.

Av nordmenn som har fått ordenen er å nemne Leif Andreas Larsen, Max Manus, Knut Haukelid, Gunnar Sønsteby, Knut Haugland og Jens-Anton Poulsson.