Ordforråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ordforråd eller leksikon er det samla settet av ord som blir brukt i eit språk, ein dialekt, eit spesialisert språk eller av eit enkeltindivid. Lingvistisk sett kan det definerast som settet av medlemmane i dei opne og lukka ordklassene. Hjå ein enkeltperson er det aktive ordforrådet mengda ord han bruker når han taler eit visst språk, det passive er talet på ord han forstår.

Storleik[endre | endre wikiteksten]

I teorien er ordforrådet i eit språk uendeleg stort, i og med at det alltid er mogleg å danne nye ord, ved hjelp av samansetjing, avleiing og lån. Samtidig kan eldre ord gå ut av bruk og ikkje vera del av noko aktivt ordforråd.

Viss vi konsentrerer oss berre om talet på røter, er det som regel berre mellom 10 000 og 20 000 røter i eit språk, i språk med få lånord og godt utvikla avleiingsprosessar til og med færre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ordforråd (2009, 14. februar) i Store norske leksikon. Henta 22. september 2013.
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.