Orekhovo-Zujevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orekhovo-Zujevo
Орехово-Зуево
Flagget til Orekhovo-Zujevo Byvåpenet til Orekhovo-Zujevo
Flagget til Orekhovo-Zujevo Byvåpenet til Orekhovo-Zujevo


Plassering
Orekhovo-Zujevo is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1917
1917
Borgarmeister Vassili Kudinov
Geografi
Flatevidd
 - By

36 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

122 000
  3 388,9 /km²
Koordinatar 55°48′00″N 38°58′00″EKoordinatar: 55°48′00″N 38°58′00″E
Høgd over havet 120 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 142600–142613
Retningsnummer (tlf) (+7)4964
Nettstad: www.ozmo.ru

Orekhovo-Zujevo (russisk Оре́хово-Зу́ево) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg 85 km aust for Moskva, i eit skogsområde ved elva Kljazma, ei sideelv til Oka). Byen vart grunnlagt i 1917 då dei tre landsbyane Orekhovo, Zujevo og Nikolskoje vart slått saman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første kjeldene om Orekhovo-Zujevo er frå 1209. Staden vart nemnt i Moskva-krønikene som staden «Volotsjok» der slaget mellom fyrst Jurij av Vladimir og fyrst Izjaslav av Rjazan fann stad. Namnet «Volotsjok» (eller «Zujev Volotsjok» som han seinare vart kalla) er avleidd av det slaviske ordet for stader der treskip vert bore over land frå ei elv til ei anna. På denne spesielle staden vart skipa flytta over land mellom elvane Kljazma og Nerskaja.

Landbyane Orekhovo og Zujevo vart nemnt i krønikene nokre få gonger til gjennom mellomalderen.

I 1797 starta leiglendingen Savva Morozov sin første silkefabrikk i Zujevo. Seinare bytta han frå silke til ull. I 1823 gjorde fortenesta frå forretningane at han kunne kjøpe seg fri. I 1830 flytta han fabrikkane sine til den andre sida av Kljazma, til staden som seinare fekk namnet Nikolskoje.

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var Orekhovo-Zujevo den tredje største tekstilbyen i Russland, etter Moskva og St. Petersburg.

I 1885 var Morozov sine tekstilfabrikkar i Orekhovo-Zujevo åstad for den første og største russiske streiken, som vart kjent som Morozovskaja Statsjka. Han starta 7. januar 1885 og varte i fleire veker. Denne streiken hadde ein enorm påverknad på den revolusjonære rørsla i Russland.

Orekhovo-Zujevo vart grunnlagt som ein by i 1917, berre månader før oktoberrevolusjonen i Russland.

Etter revolusjonen i 1917 vart Morozov sine tekstilfabrikkar nasjonalisert. Under sovjettida var dei kjent som «Orekhovo-Zujevskij Khloptsjato-Bumazjnyj Kombinat» (Orekhovo-Zujevo bomullssenter). Tekstilproduksjonen eksisterte berre til 1990-talet. Etter Sovjetunionen kollapsa døydde den den russiske tekstilindustrien ut på grunn av økonomiske problem, manglande konkurranseevne overfor billigare og betre importerte tekstilar og svak leiing. Omsider vart nesten all produksjon lagt ned og fabrikkhallane vart omgjort til marknadsplassar og handelssenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]