Orelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Or | ||
| Munning | Ural | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 332 km | |
| Middelvassføring | 21 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 18 600 km² | |
Or (russisk Орь) er ei elv i Orenburg oblast i Russland og Aktobe oblast i Kasakhstan og ei av sideelvane til Ural frå venstre. Elva er 332 km lang og har eit nedslagsfelt på 18 600 km².
Elva oppstår der elvane Sjijli og Terisbutak renn saman. Desse har utspring på vestsida av Mugodzjarhøgdene. Or munnar ut i Ural ved byen Orsk. Mesteparten av vassføringa er frå snøsmelting. Middelvassføringen 61 km frå munningen er 21,3 m³/sek. Vårflaumen varer frå april til midten av mai. Resten av året er vassføringa særs låg. Elva frys til i andre halvdel av oktober, og er islagt til månadsskiftet mars/april. Elva vert nytta til irrigasjon og vassforsyning.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Or (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2008.