Orewa

Koordinatar: 36°34′S 174°42′E / 36.567°S 174.700°E / -36.567; 174.700
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orewa is located in New Zealand
Orewa Beach.

Byen Orewa ligg på NordøyaNew Zealand, ved Hibiscus Coast (Hibiscuskysten), 30 kilometer nord for Auckland City, og på nordsida og nær byrjinga på halvøya Whangaparaoa Peninsula. Byen hadde 7326 innbyggjarar ved folketeljinga i 2006;[1] elles kjem mange menneske hit for å tilbringa fritid og ferie her. Orewa er òg ein av dei stadane på New Zealand som veks snøggast, og byen ligg i eit av dei mest kostbare områda i landet å busetja seg i.[2]Byen er administrasjonssenter i Rodney District i Regionen Auckland.

Orewa ligg på austkysten til halvøya North Auckland Peninsula, i Rodney District, ved motorvegen State Highway 1. Denne motorvegen nordover frå Auckland endar no like nord for Orewa. Ei 7,5 kilometer forlenging av vegen er under bygging, og er venta ferdigstilt i 2009. Denne nordlege motorvegen vil då nærma seg Puhoi, og leia State Higway 1 utanom Orewa.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Institusjonar som ligg i byen er mellom andre: Skulen Orewa College, ungdommssenteret (med «skatepark»), statuen av Sir Edmund Hillary, det teosofistiske samfunnet og kontora til distriktsstyret i Rodney District Council.

Orewa beach, ei om lag tre kilometer lang sandstrand, er ei av dei lengste og tryggaste strendene i Auckland.

Pururi Park[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart det lokalt kjende området Pururi Park, ved foten Eaves Bush, seld for meir enn 2 000 000 $. Dette har uroa eindel av dei eldre innbyggjarane i området, då dei ottast for at det ville føra til ei vidare utbygging av Orewa, og dei såg på det som eit populært friluftsområde for både byen sine innbyggjarar og for tilreisande. Det har no vorte lagt til den tilgrensande busetnaden Kensington Park for å stetta den raskt aukande etterspurnaden etter husvære i og omkring Orewa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics New Zealand - folketeljinga 2006, arkivert frå originalen 2. oktober 2008, henta 8. mars 2008 
  2. Scoop: Property market continues to strengthen

36°34′S 174°42′E / 36.567°S 174.700°E / -36.567; 174.700