Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen
منظمة حظر الأسلحة الكيميائية
Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons (OPCW)
Organisation pour l'interdiction des armes chimiques (OIAC)
禁止化学武器组织
Организация по запрещению химического оружия (ОЗХО)
Organización para la Prohibición de las Armas Químicas (OPAC)

Hovudkontoret til organisasjonen i Haag
TypeInternasjonal organisasjon
Skipa29. april 1997, 1997
HovudkontorHaag
GeneraldirektørAhmet Üzümcü
MisjonKontroll og ødeleggelse av kjemiske våpen
Tilsette500 Sjå dette på Wikidata
Medlemmer190 statar
Nettstadhttps://www.opcw.org/ Sjå dette på Wikidata

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen er ein mellomstatleg internasjonal organisasjon som arbeider for gjennomføringa av Kjemivåpenkonvensjonen, blant anna ved kontroll og øydelegging av kjemiske våpen. Organisasjonen har 190 medlemsstatar. Hovudkontoret ligg i Haag i Nederland.

Organisasjonen blei tildelt Nobels fredspris i 2013 «for dens omfattende arbeid for å avskaffe kjemiske våpen».[1]

Bakgrunn og virkeområde[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen blei til som følgje av inngåinga av Kjemivåpenkonvensjonen, som tredde i kraft i 1997. Denne internasjonale avtala blei inngått ved nedrustningskonferansen i Genève i 1992 etter langvarige forhandlingar for å få til eit totalforbod mot kjemiske våpen. Konvensjonen forbyr produksjon, lagring, handel, overføring og bruk av kjemiske våpen.[2] Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen blei oppretta for å sikra dette. Han er ikkje ein del av SN-systemet, men har ei samarbeidsavtale med Dei sameinte nasjonane.

Statar som er part i Kjemivåpenkonvensjonen blir òg medlem av Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen. I desember 2013 var 190 statar medlem av organisasjonen.[3] Sju statar er ikkje med i organisasjonen. Israel og Myanmar har underteikna, men ikkje ratifisert, avtala, medan Angola, Egypt, Nord-Korea og Sør-Sudan korkje har underteikna eller ratifisert.[4]

Generaldirektørar[endre | endre wikiteksten]

  • José Maurício Bustani (1997–2002)
  • Rogelio Pfirter (2002–2010)
  • Ahmet Üzümcü (2010– )

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nobels Fredspris for 2013», pressemelding, Den norske Nobelkomité.
  2. «Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen og Kjemivåpenkonvensjonen», Utenriksdepartementet.
  3. «OPCW Member States», Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons.
  4. «Non-Member States», Organisation for the Prohibition of Chemical Weapons.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]