Organisation for Legal Metrology

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Organisation for Legal Metrology (fransk Organisation Internationale de Métrologie Légale eller OIML) er ein verdsomspennande organisasjon for lovregulert måling. Det vart skipa i 1955 og har base i Paris for å fremje global semje om rettslege metrologiske prosedyrar som støttar opp under og forenklar internasjonal handel. Slike semjer sikrar at sertifisering av eit måleapparat i eitt land er kompatibelt med sertifiseringa i eit anna, og at ein dermed kan stole på kvarandre sine måleinstrument. Slike produkt omfattar vekter, taksameter, fartsmålarar, måleinstrument i jordbruk som fuktmålarar og helsetilknytte apparat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]