Orhan Pamuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orhan Pamuk

Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 7. juni 1952 (71 år)
Istanbul
Yrke skribent, romanforfattar, manusforfattar, essayist, journalist, akademikar
Språk tyrkisk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, American Academy of Arts and Letters, Det kinesiske akademi for samfunnsvitskap
Religion secular Islam, ateisme
Nettstad http://www.orhanpamuk.net
Orhan Pamuk på Commons
Orhan Pamuk i 2009.
Foto: Alexey Balakin
Orhan Pamuk ved skrivebordet.

Orhan Pamuk (fødd 7. juni 1952) er ein vidkjend tyrkisk forfattar. Pamuk sine romanar er prega av postmodernisme. Dei er særs mykje lesne i heimlandet, men har òg blitt omsette til rundt tretti andre språk. Forfattaren har fått fleire litterære prisar, både i Tyrkia og i utlandet, mellom anna Nobelprisen i litteratur 2006.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Pamuk blei fødd inn i ein rik familie i Istanbul. Faren var ingeniør, og Orhan var meint å anten følgja i fotspora hans eller bli arkitekt, men etter tre år som student ved Istanbul tekniske universitet slutta han for å konsentrera seg om skriving. I 1977 gjekk Pamuk ut frå Instituttet for journalistikk ved Universitetet i Istanbul. Frå 1985 til 1988 budde han i USA, der han mellom anna arbeidde for Universitet i Iowa. I dag bur Pamuk i Istanbul, til liks med kona si og dottera deira som vart fødd i 1991.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Pamuk tok til å skriva fast i 1974. For den første romanen sin, Karanlık ve Işık ('Mørke og lys'), delte han sigeren i konkurransen avisa Milliyet heldt i 1979 med Mehmet Eroğlu. Romanen blei utgjeven under tittelen Cevdet Bey ve Oğulları ('Herr Cevdet og Søner') i 1982, og vann Orhan Kemals romanpris i 1983. Boka handlar om tre generasjonar i ein rik familie i Istanbul. Historia foregår i 1905, på 1930-talet og i 1970.

Pamuk fekk fleire kritikarprisar for sine tidlege verk, men det tok lengre tid før han blei velkjend blant folk flest. Men romanen Kara Kitap('Svart bok') frå 1990 blei eitt av dei mest kontroversielle og populære verken i den tyrkiske litteraturen. Pamuks fjerde roman Yeni Hayat('Det nye livet') blei ein sensasjon i Tyrkia då han blei gjeven ut i 1995 og den raskast seljande boka i landets historie.

Medan forfattaren først hadde skrive eit strengt realistisk verk etter malen til litteraturteoretikaren György Lukács, tok han til med å eksperimentera med modernistiske innslag i sin andre roman. Frå og med den tredje romanen har mange kritikarar kalla Pamuk postmodernistisk, men denne termen er omstridd. Pamuk sine bøker er labyrintar der ein opplever forvirring, minnestap og identitetsbytte. Dette spelet er ei ironisering over jakta på det eigentlege som ligg i det moderne prosjektet. Orhan Pamuk stortrives i kløfta mellom liberale europeiske og fundamentale islamske verdiar. Forteljingane hans inneheld komplekse handlingsliner og personar. Dei inneheld ofte òg diskusjonar eller skildringar av kunstformer som litteratur eller målarkunst.

Den kontroversielle forfattaren[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vera ein vidlesen forfattar er Pamuk òg blitt ein kjend offentleg person i Tyrkia på grunn av støtta han gjev dei politiske rettane til kurdarar. I 1995 var han ein av fleire forfattarar som blei tiltalte for å ha skrive essay som kritiserte den tyrkiske handsaminga av dette folket.

Etter å ha uttalt seg om det armenske folkemordet og kurdarane si militærrørsle i 2005 blei Pamuk stilt for retten for å ha brote den tyrkiske straffeloven som forbyr å "fornærma det å vera tyrkisk, den tyrkiske republikken eller nasjonalforsamlinga". Strafferamma for eit slikt lovbrot er 6 månader til tre år.

Uttalinga til Pamuk var at «tretti tusen kurdarar og ein million armenarar er blitt drepne i dette landet og ingen andre enn eg torer å snakka om det». Saka har vekt stor internasjonal oppsikt og har skapt problem for Tyrkia under prosessen med å bli med i EU.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Cevdet Bey ve Oğulları (1982)
  • Sessiz Ev (1983)
  • Beyaz Kale (1985, norsk Det hvite slottet', omsetjar: Trude Falck)
  • Kara Kitap (1990, norsk Svart bok', omsetjar: Bernt Brendemoen)
  • Yeni Hayat (1995, norsk Det nye livet, omsetjarar: Alf & Ayfer Storrud)
  • Öteki Renkler (1999)
  • Benim Adım Kırmızı (2000, norsk Mitt navn er Karmosin, omsetjar: Bernt Brendemoen)
  • Kar (2002, norsk Snø, 2005, omsetjarar: Alf & Ayfer Storrud)
  • İstanbul: Hatıralar ve Şehir (2003, norsk "Istanbul. Byen og minnene", omsetjar Bernt Brendemoen)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orhan Pamuk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]