Oria
| Oria | ||
|
|
||
| Utspring | Dei baskiske fjella | |
| Munning | Biscayabukta | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 75 km | |
| Middelvassføring | 25,6 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 882,5 km² | |
Oria er ei elv i Baskarland i nord i Spania. Ho er ei av fleire elvar som munnar ut i Biscayabukta og den største elva i rpovinsen Gipuzkoa med ei lengd på 75 km og eit nedslagsfelt på 882,5 km². Alle desse elvane er relativt korte. Elva spring ut i ei høgd på 1260 meter over havet. I dei nedre delane av elva når tidvatnet innover elva til Usurbil. Dette siste strekket er prega av mange myrområde langs breidda, men i det siste er mange av dei drenert og omgjort til jordbruksland.
Elva spring ut sør i kommunen Zegama og drenerer vatn frå nordaustsida av fjellkjeda Aizkorri. Den første byen ho renn gjennom er Zegama, og andre byar langs elva er Gipuzkoa, Beasain, Ordizia, Tolosa, Andoain, Lasarte-Oria, Usurbil og til slutt Orio ved munningen. Frå Lasarte-Oria til Orio går kystvegen N-634 langs elva.
Sideelvar [endre]
Fleire mindre elvar renn ut i Oria. Dei største av desse er Leitzaran i Andoain og Araxes i Tolosa.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oria River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.