Orientalske ortodokse kyrkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Orientalske ortodokse kyrkjer omfattar kyrkjesamfunna i den orientalske kommunionen. Dei følgjer dei austlege tradisjonar og var nokre av dei første kyrkjene som utvikla seg i eiga retning. Ein finn hovudsakleg desse kyrkjene i Midt-Austen og Nord-Afrika.

Dei orientalsk-ortodokse kyrkjene vart eigne kyrkjer etter Konsilet i Kalkedon i 451 og godtek difor dei første tre kyrkjemøta. Difor blir dei òg kalla pre-kalkedonske kyrkjer. Dei orientalske kyrkjene godtok ikkje konsilet sitt to-natur-lære om at Kristus har to naturar, den menneskelege og den guddommelege, slik dei fleste kristne kyrkjer – mellom anna Den austlege ortodokse kyrkja, Den katolske kyrkja og dei protestantiske kyrkjene – lærer. I kyrkjehistoria har dei difor polemisk vorte omtalt som monofysittar. I nyare tid har dei orientalske ortodokse kyrkjene kome fram til at det eigenleg er liten skilnad mellom læra deira og den læra som blir følgt av Den austlege ortodokse kyrkja. I kjølvatnet av dette har det vore gjort forsøk på å gjenoppta kommunion mellom dei ortodokse og dei orientalske kyrkjene, utan at dette har ført fram.

Den orientalske kommunionen[endre | endre wikiteksten]

Andre asiatiske kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Den assyriske kyrkja i aust altså ikkje til familien av orientalske kyrkjer. Ho vart sjølvstendig tjue år tidlegare, i samband med konsilet i Efesos i 431.

Det finst i tillegg nokre kyrkjer i Asia og andre stader med ulik historisk bakgrunn, som er i kommunion med Den romersk-katolske kyrkja. Desse blir kalla orientalske katolske kyrkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]