Original Masters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Original Masters
Samlealbum av Jethro Tull
Utgjeve november 1985
Sjanger Progressiv rock
Lengd 53:48
Selskap Chrysalis
Kritikk
Jethro Tull-kronologi 
A Classic Case
(1985)
Original Masters Crest of a Knave
(1987)


Original Masters er eit samlealbum av Jethro Tull gjeve ut av Chrysalis Records i 1985. Det var det tredje samlealbumet til bandet etter M.U. - The Best of Jethro Tull og Repeat - The Best of Jethro Tull - Vol II. Sjølv om albumet kom ut i 1985 inneheld det ikkje songar gjevne ut etter 1977.

Dei første to samleplatene hadde alt dekt songar som kom ut fram til 1977 og Original Masters består av mange av dei same songane. Original Masters har derimot alternative opptak eller miksar av somme av songane enn dei som finst på studioalbuma. Årsaka til dette er at mange av dei utvalde songane er tidlege promoversjonar som vart sende til radiostasjonane. Versjonen av «Aqualung» har ei heilt forskjellig innspeling av den midtre akustiske delen, som visstnok vart nytta i den kvadrofoniske versjonen av albumet Aqualung då det kom ut i 1971.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson.

Nr.TittelLengd
1.«Living in the Past»3:18
2.«Aqualung»6:34
3.«Too Old to Rock 'n' Roll, Too Young to Die»5:38
4.«Locomotive Breath»4:23
5.«Skating Away on the Thin Ice of the New Day»3:28
6.«Bungle in the Jungle»3:34
7.«Sweet Dream»4:01
8.«Songs from the Wood»4:52
9.«Witch's Promise»3:47
10.«Thick as a Brick»3:00
11.«Minstrel in the Gallery»7:47
12.«Life's a Long Song»3:16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]