Orihuela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orihuela
Flagget til Orihuela Byvåpenet til Orihuela
Flagget til Orihuela Byvåpenet til Orihuela


Plassering
Orihuela is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Valencia
Provins Alicante
Borgarmeister Mónica Lorente
Geografi
Flatevidd
 - By

365,44 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

84 626
  231,6 /km²
Koordinatar 38°5′″N 0°56′″WKoordinatar: 38°5′″N 0°56′″W
Høgd over havet 24 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 03300
Nettstad: www.aytoorihuela.es

Orihuela (spansk eller Oriola (valenciansk) er ein by og ein kommune i provinsen Alicante i Spania. Byen Orihuela har kring 35 000 innbyggjarar, medan kommunen har kring 85 000 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs kysten av Middelhavet, vest for Torrevieja. I kommunne ligg òg turistsenteret (urbanizacion turistica) Dehesa de Campoamor med kring 20 000 innbyggjarar, samt eit par andre landsbyar.[1]

Elva Segura renn gjennom byen. Byen var busett av romarane, som kalla han Orcelis og seinare Aurariola.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I domkyrkja

Orihuela er hovudstaden i regionen «Vega Baja del Segura» (naturregionen rundt Segura). Han har òg vore hovudstad i ein provins og eit kongedøme. Byen vart den første med bystatus i provinsen Alicante, 11. september 1437.

I 576 var byen hovudstad i den vestgotiske provinsen Aurariola, som har gjeve namn til byen. I 713 erklærte soldaten og greven Teodomiro seg sjølv konge av Tudmir.

I 825 vart Kongedømet Tudmir eit sjølvstendig kongedømet under umayyadane og hovudstaden vart flytta til Murcia. I 910 vart kongedømet Tudmir gjeve til emiratet Cordova. I 1053 vart fyrstedømet Murcia skapt som eind el av kongedømet Denia. I 1086 vart fyrstedømet Murcia sjølvstendig frå Denia. I 1212 vart området ein del av kongedømet Murcia.

I 1304 var Orihuela ein grenseby mellom kongedøma Castilla og Aragón. I 1366 kom han under Kongedømet Valencia.

I 1437 fekk han bystatus og i 1707 gjorde Karl V av Det tysk-romerske riket han til hovudstad i provinsen Orihuela. I 1737 vart Alicante, Elche, Monforte, Jijona, Villajoyosa, Agost, Busot, San Juan eller Muchamiel sjølvstendige frå provinsen Orihuela, og danna Alicante.

I 1799 vart òg Orihuela ein del av provinsen Alicante. I 1810 gjorde Napoleon Orihuela til ein del av departementet Segura der Murcia var hovudstad. Orihuela vart ein del av provinsen Murcia i 1822, og i 1833 vart han igjen ein del av provinsen Alicante.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Población de España – datos y mapas