Orinocobeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orinoco-beltet)
Orinocobeltet
Land  Venezuela
Kart
Orinocobeltet
8°12′00″N 64°44′13″W / 8.2°N 64.73694°W / 8.2; -64.73694
Kart som viser omrisset av Orinocobeltet med blå strek og Det austvenezuelanske bassenget i raud strek

Orinocobeltet, spansk Faja Petrolífera del Orinoco, er eit samanhengjande område med petroleumsressursar i delstatane Guárico, Anzoátegui og Monagas i Venezuela. Området ligg som eit belte på nordsida av Orinoco i ei lengd på ca. 600 kilometer i vest-aust retning og sørgrensa følgjer elvefaret i stort monn. Flatevidda på ca. 54 000 km². Estimat for sikre petroleumsreservar som kan takast ut pr. 2005 er 37 milliardar fat ekstra tung råolje og bitumen. I 2010 la United States Geological Survey (USGS) fram eit estimat på 513 milliardar fat, mål for det dei kallar teknisk utvinnbare reservar, utan omsyn til kostnadar.[1] Det venezuelanske oljeselskapet PDVSA vil investere 12 milliardar US-dollar i perioden frå 2006 til 2012. Det skal doble dagsproduksjonen til 1,2  millionar fat. [2]

Orinocobeltet er òg ein del av, og ligg i sørvesthjørnet av eit større geologisk område, kalla Det austvenezuelanske bassenget. Bassenget strekkjer seg ut til havs fleire hundre kilometer ut frå Atlanterhavskysten og femnar om delar av Trinidad og Tobago. [3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første oljefunnet i Orinocobeltet skjedde i 1937. Faja Petrolífera del Orinoco som eit omgrep kom i bruk frå 1956-1957 då det vart sett i gang produksjon av ekstra tung råolje frå ein brønn som gav 20  000 fat om dagen. Før det vart området lengre nord i Det austvenezuelanske bassenget utforska frå år 1909, eit større felt, Quiriquirefeltet vart funnen i 1928 og sidan utnytta. Men allereie i 1539 fann spanjolane olje som sivde opp av jorda og tok med seg ei tynne olje til kongen.

I 1967 kom ei første evaluering av sjølve Orinocobeltet og i 1983 gjorde PDVSA ferdig ei undersøking som førte til at 600 nye oljebrønnar vart bora i Orinocobeltet. Beltet vart delt inn i fire namngjevne område for utforsking og produksjon. Desse er frå vest mot aust: Boyacá, Junín, Ayacucho og Carabobo. Fram til 2005 var namna høvesvis Machete, Zuata, Hamaca og Cerro Negro. Vidare er dei fire områda delt inn i til saman 27 blokker.

Den venezuelanske regjeringa sette i 1995 i gang eit initiativ for å få auka utnyttinga av Orinocobeltet ved å opne for bod på konsesjonar til fleire nye blokker, også opent for utanlandske selskap. Dette gav 2 milliardar US-dollar i bonusar til regjeringa, og tiltaket førte til at fire prosjekt kom i aktivitet innan 1998: Petrozuata, Cerro Negro, Sincor, og Hamaca.[4]

I 2005 meinte PDVSA at Orinocobeltet inneheldt ekstra tung råolje og bitumen i ei mengd på 1 360 milliardar fat, og av det reknar dei at 23 % kan verte utnytta.[5]

Så langt er ca. 11 593 km² av Orinocobeltet utforska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. USGS, 2010
  2. Venezuela plans Orinoco expansions, Oil and Gas Journal, 21. november 2005
  3. Artikkel i Encyclopedia of Earth: Orinoco Heavy Oil Belt, Venezuela
  4. Technology, Money Unlocking Vast Orinoco Reserves, Oil and Gas Journal, 19. oktober 1998
  5. Venezuela plans Orinoco expansions, Oil and Gas Journal, 21. november 2005