Orinocobeltet
Orinocobeltet, spansk Faja Petrolífera del Orinoco, er eit samanhengjande område med petroleumsressursar i delstatane Guárico, Anzoátegui og Monagas i Venezuela. Området ligg som eit belte på nordsida av Orinoco i ei lengd på ca. 600 kilometer i vest-aust retning og sørgrensa følgjer elvefaret i stort monn. Flatevidda på ca. 54 000 km². Estimat for sikre petroleumsreservar som kan takast ut pr. 2005 er 37 milliardar fat ekstra tung råolje og bitumen. I 2010 la United States Geological Survey (USGS) fram eit estimat på 513 milliardar fat, mål for det dei kallar teknisk utvinnbare reservar, utan omsyn til kostnadar.[1] Det venezuelanske oljeselskapet PDVSA vil investere USD 12 milliardar i perioden frå 2006 til 2012. Det skal doble dagsproduksjonen til 1,2 millionar fat. [2]
Orinocobeltet er òg ein del av, og ligg i sørvesthjørnet av eit større geologisk område, kalla Det austvenezuelanske bassenget. Bassenget strekk seg ut til havs fleire hundre kilometer ut frå Atlanterhavskysten og femnar om delar av Trinidad og Tobago. [3]
Historie [endre]
Det første oljefunnet i Orinocobeltet skjedde i 1937. Faja Petrolífera del Orinoco som eit omgrep kom i bruk frå 1956-1957 då det vart sett i gang produksjon av ekstra tung råolje frå ein brønn som gav 20 000 fat om dagen. Før det vart området lengre nord i Det austvenezuelanske bassenget utforska frå år 1909, eit større felt, Quiriquirefeltet vart funnen i 1928 og sidan utnytta. Men allereie i 1539 fann spanjolane olje som sivde opp av jorda og tok med seg ei tynne olje til kongen.
I 1967 kom ei første evaluering av sjølve Orinocobeltet og i 1983 gjorde PDVSA ferdig ei undersøking som førte til at 600 nye oljebrønnar vart bora i Orinocobeltet. Beltet vart delt inn i fire namngjevne område for utforsking og produksjon. Desse er frå vest mot aust: Boyacá, Junín, Ayacucho og Carabobo. Fram til 2005 var namna høvesvis Machete, Zuata, Hamaca og Cerro Negro. Vidare er dei fire områda delt inn i til saman 27 blokker.
Den venezuelanske regjeringa sette i 1995 i gang eit initiativ for å få auka utnyttinga av Orinocobeltet ved å opne for bod på konsesjonar til fleire nye blokker, også opent for utanlandske selskap. Dette gav USD 2 milliardar i bonusar til regjeringa, og tiltaket førte til at fire prosjekt kom i aktivitet innan 1998: Petrozuata, Cerro Negro, Sincor, og Hamaca.[4]
I 2005 meinte PDVSA at Orinocobeltet inneheld ekstra tung råolje og bitumen i ei mengd på 1 360 milliardar fat, og av det reknar dei at 23 % kan verte utnytta. [5]
Så langt er ca. 11 593 km² av Orinocobeltet utforska.
Kjelder [endre]
- Talwani, Manik (September 2002). «The Orinoco Heavy Oil Belt in Venezuela» (pfd). The James A. Baker III Institute for Public Policy of Rice University. http://www.rice.edu/energy/publications/docs/Talwani_OrinocoHeavyOilBeltVenezuela.pdf. Henta 27. november 2010.
- «An Estimate of Recoverable Heavy Oil Resources of the Orinoco Oil Belt, Venezuela» (på en). United States Geological Survey (USGS). 11 January 2010. http://pubs.usgs.gov/fs/2009/3028/pdf/FS09-3028.pdf. Henta 27 november 2010.
- «Orinoco Belt» frå Wikipedia på engelsk
Referansar [endre]
- ↑ USGS, 2010
- ↑ Venezuela plans Orinoco expansions, Oil and Gas Journal, November, 21, 2005
- ↑ Artikkel i Encyclopedia of Earth: Orinoco Heavy Oil Belt, Venezuela
- ↑ Technology, Money Unlocking Vast Orinoco Reserves, Oil and Gas Journal, October, 19, 1998
- ↑ Venezuela plans Orinoco expansions, Oil and Gas Journal, November, 21, 2005