Orinocobrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orinocobrua
2PuenteSobreElOrinoco.jpg
Transporterer veg og jarnbane
Kryssar Orinoco
Stad Ciudad Guayana
Utforming Skråkabelbru
Lengste spenn 300 m
Total lengd 3156 m
Fri høgd 41 m
Opna 13. november 2006

Orinocobrua (spansk Puente Orinoquia) òg kalla den andre kryssinga av Orinoco er ei kombinert veg og jernbanebru over Orinoco få kilometer sørvest for Ciudad Guayana i Venezuela. Ho vart opna den 13. november 2006. Før bygginga av Orinocobrua var Angosturabrua omkring 100 km lengre oppstraums ved Ciudad Bolívar einaste brua over Orinoco. Angosturabrua er frå 1967.

På staden som vart valt som kryssingspunkt er elva tre kilometer brei og det finst to skipsrenner som er skilt med ei lita øy som kjem opp i sesongen med lågvatn. Gjennomsnittleg vassflyt i elva her varierer mellom 66 000 m³/s og 85 000 m³/s, med ei fart på ca. 2,6 m/s. Den sesongmessige variasjonen i vasstanden er 12,5 meter.

Brua er ei 3156 meter lang skråkabelbru med ei total strukturlengd inkludert påkjøringsramper og sidespenn på ca. 4,5 kilometer og ho ber fire vegfelt som er separert med eit einskild jernbanespor i midten. Brua er konstruert med to 300 meter lange hovudspenn som begge er festa i eit landkar på øya i midten, seglingshøgda på maksimal vasstand er 41 meter. Det finst totalt fire H-forma betongsøyler som feste for kablane, kvar søyle er 120 meter høg.

Orinocobrua vart bygd for å lette for trafikken over Angosturabrua og for gje eit meir direkte samband mellom delstaten Anzoátegui og den vektige industribyen Ciudad Guayana i Guayana-regionen. Spesielt var omsynet til å gje jernbanesamband for frakt av tunge industriprodukt frå Ciudad Guayana til utskipingshamnar på karibiakysten. Dette kan supplere og erstatte elvefrakt på Orinoco, ein trafikk som er hindra av stadige avsettingar som må mudrast i skipskanalane. I tillegg vil brua styrkje transportruter mellom Venezuela og Brasil. Det kan vere ei årsak til at president Lula da Silva i Brasil vart med på opningsseremonien saman med presidenten i Venezuela, Hugo Chávez.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]