Orinocodeltaet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Orinocodeltaet.
Foto: Rich Childs

Orinocodeltaet (spansk Delta del Orinoco) er elvedeltaet åt Orinoco i det austre Venezuela kor floda munnar ut i Atlanterhavet. Det meste av delstaten Delta Amacuro samt nokre kvadratkilometer av delstaten Monagas inngår i deltaet. Totalt areal er ca. 40 000 km², av det 22 000 km² våtmark og sump.

Form[endre | endre wikiteksten]

Kart over Orinocodeltaet frå 1897.

Orinocodeltaet har omriss som ei vifte slik det er forma av Orinoco der ho forgreinar seg i talrike elvefar, caños, som buktar seg gjennom eit flatt landskap siste stykket på veg mot havet. Orinocofloda har ei breidd på ca. 20 km der forgreininga startar. Det finst totalt ca. 70 store caños og talrike mindre. Den største cañoen, eller hovudlaupet, har namnet Río Grande. Dette laupet tømmer seg gjennom den søraustlege delen av deltaet, medan det nest største elvefaret, Caño Manamo, renn nordover mot den vestre delen av deltaet. Kystlinja av deltaet er 360 km lang.

Orinocodeltaet har liknande karakteristikkar som deltaet åt elva Niger, det er påverka av havet og det manglar lagune. Ein kan dele deltaet inn i to soner:

  • Det øvre Orinocodeltaet er hovuddelen mellom Caño Manamo og Caño Araguao; han er relativt tørr og her finn ein majoriteten av busettingar, mellom desse òg hovudstaden i Delta Amacuro, Tucupita;
  • Det nedre Orinocodeltaet er ein langt mindre, sekundær del sør om hovuddelen mellom Caño Araguao og Río Grande.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det er eit vått og heitt tropisk klima i deltaet. Gjennomsnittleg årstemperatur er ca. 26 °C. Årleg nedbør varierer frå 1500 mm til 2600 mm med mest nedbør nærast havet og mot sør. Flaumtid er august og september, medan det er tørr sesong frå desember til april.

Waraoar i ein kano langd den frodige breidden av ein caño.
Foto: Roar Johansen

Økologi[endre | endre wikiteksten]

I deltaet finn ein store område med permanent tropisk våtmark, grunne permanente vassøkosystem så vel som skog og kjerr som er sesongmessig overflauma av ferskvatn. Elvekantane i delar av deltaet er overgrodd av mangroveskog. Tidvatnet tar dagleg opp sjøvatn gjennom caños og skaper ei tidvassbølgje kjend som macareo eller pororoca. Dette gjev skiftande straumretningar i cañosane, spesielt i overflata.

Folk[endre | endre wikiteksten]

I delstaten Delta Amacuro bur det 157 000 menneske og Orinocodeltaet har tilsvarande folketal. Av desse er om lag 30 000 waraoar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]