Orjol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orjol
Орёл
View of Oryol city.JPG
Byvåpenet til Orjol
Byvåpenet til Orjol


Plassering
Orjol is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Orjol oblast
Grunnlagd
Bystatus
1566
1708
Borgarmeister Victor Safjanov
Geografi
Flatevidd
 - By

111 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

323 000
  2 909,9 /km²
Koordinatar 52°36′0″N 36°36′0″EKoordinatar: 52°36′0″N 36°36′0″E
Høgd over havet 170 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 302000–302044
Retningsnummer (tlf) (+7)4862
Nettstad: www.orel-adm.ru

Orjol (russisk Орёл) er ein by i Russland og det administrative senteret i Orjol oblast. Han ligg ved elva Oka, om lag 360 km sørvest for Moskva. På russisk tyder namnet 'ørn'. Byen har kring 325 000 innbyggjarar. Orel lufthamn ligg ved byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen skriftlege kjelder, men arkeologiske funn viser at det har vore ein festningsbusetnad mellom Oka og elva Orlik så tidleg som 1100-talet, då området var ein del av storfyrstedømet Tsjernigov. Namnet på festninga er ukjend, og det er ikkje sikkert ho vart kalla Orjol. På 1200-talet vart festninga ein del av Zvenigorod distrikt i fyrstedømet Karatsjov. Tidleg på 1400-talet vart området erobra av Storhertugdømet Litauen. Byen vart rask forlatt av innbyggjarar etter å ha vorte plyndra av anten litauarane eller Den gyldne horden. Området vart ein del av storfyrstedømet Moskva1500-talet.

Ivan den grufulle gav ordre om å byggje ei ny festning på staden i 1566, for å forsvare dei sørlege grensene til Moskva. Festninga vart bygd raskt og arbeidet kom i gang sommaren 1566. Festninga stod ferdig alt våren 1567. Plasseringa var ikkje heilt strategisk ideel, sidan festninga vart råka av flaum under snøsmeltinga kvart år. Årsaka til at bygginga gjekk så raskt er fordi ho vart bygd på ruinane av den gamle.

Falske Dmitrij I og armeen hans passerte gjennom byen i 1605; Ivan Bolotnikov i 1606; Falske Dmitrij II slo leir i Orjol vinteren 1607–1608. Polske styrkar plyndra byen i 1611 og 1615, og folkesetnaden forlet byen etter den andre plyndringa og flytta til Mtsensk. Orjol distrikt eksisterte derimot framleis på papiret.

Orjol vart bygd opp att i 1636. Det var snakk om å flytte festninga lenger bort frå elva, men det vart aldri gjort noko med. Festninga vart sett som unødvendig og tatt ned tidleg på 1700-talet.

På midten av 1700-talet vart Orjol eit stort senter for kornproduksjon og Oka vart nytta som ei stor handelsrute fram til 1860-åra då jernbanen kom.

Etter oktoberrevolusjonen kom byen inn under kommunistane, bortsett frå ein kort periode mellom 13. oktober og 20. oktober i 1919, då han vart kontrollert av Denikin og den kvite armeen hans.

Orjol vart det administrative senteret i Orjol oblast den 27. september 1937. Kristian Rakovskij, Maria Spiridonova, Olga Kameneva og 160 andre framtredande politiske fangar vart skotne 11. september 1941 etter ordre frå Stalin i Medvedevskogen utanfor Orjol.

Under den andre verdskrigen vart Orjol okkupert av tyske Wehrmacht den 3. oktober 1941 og frigjeve 5. august 1943 etter slaget ved Kursk. Byen var då nesten heilt i ruinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Orjol