Orkanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orkanger
stad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Orkland
Del av Orkanger/Fannrem
Postnummer 7300 ORKANGER
Preposisjon Orkanger
Kart
Orkanger
63°18′44″N 9°51′12″E / 63.312222222222°N 9.8533333333333°E / 63.312222222222; 9.8533333333333
Wikimedia Commons: Orkanger

Orkanger er administrasjonssenter i Orkland kommune i Trøndelag. Tettstaden ligg der Orkladalføret møter Orkdalsfjorden. Orkanger og nabobygda Fannrem er så godt som vokse saman til ein tettstad. Tettstaden Orkanger-Fannrem har 9 085 innbyggjarar per 1. januar 2023, og er med det nest største tettstaden i Trøndelag. Berre Trondheim har fleire innbyggjarar.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Frå Orkanger går jarnbanestrekninga Thamshavnbanen til Løkken Verk i Meldal. Jarnbanen frakta tidlegare malm fra gruva på Løkken Verk, men er no berre nytta som museumsjarnbane.

Orkanger ligg 42 kilometer sørvest for den tredje største byen i Noreg, Trondheim. Reisetida mellom dei to stadene vart redusert fra 40 til 30 minutt då det 30. juni 2005 vart opna ei ny strekke av Europaveg 39. Den nye vegen er motorveg klasse B, og erstatta ei trafikkfårleg og svingete vegstrekke langs Børsaberga. Det har vore auke i pendlinga mellom Orkanger og Trondheim etter at vegen opna. Statistisk Sentralbyrå meiner at folketalet i Orkdal vil auke frå 10 250 (2004) til 12 000 i 2012.

Skular[endre | endre wikiteksten]

Orkanger barneskole
Orkanger ungdomsskole

I Orkanger sentrum ligg Orkanger barneskole (1.-7. trinn) og Orkanger ungdomsskole (8.-10. trinn).

Orkanger barneskole[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste skulen på Orkanger vart starta i 1828. Etter flytting vart ein ny skule bygd ferdig i 1877. Elevtalet auka, og det vart trong for nytt skulebygg. Dette kom i 1901. Sidan kom ei tid med industrialisering og mykje utbygging på Orkanger, og talet elvar auka til 350, og det vart klart at eit nytt, stort skolebygg var naudsynt. Dagens Orkanger barneskole stod ferdigbygd i 1939. Han vart påbygd i 1986 og 1996.

Orkanger ungdomsskole[endre | endre wikiteksten]

Orkanger ungdomsskole starta som realskule i 1955. Frå og med 1969 var det ungdomsskule. Nye Orkanger ungdomsskole stod ferdig i 2005.

Orkdal vidaregåande skole[endre | endre wikiteksten]

Orkdal vidaregåande skole ligg sør for Orkanger sentrum. Skulen ligg der Follo gård tidlegare låg, og vert kalla "Follo". Follo vart etablert i 1923 som landsgymnas, og har i dag kring 600 elevar.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Orkanger er mellom dei viktigaste industristadene i Midt-Noreg. Industrien ligg hovudsakleg i området Grønøra, like vest for elvemunninga til Orkla. Dei største industriverksemdene er Technip Offshore Norge AS, Vigor AS og smelteverket Elkem Thamshavn AS.

Namnehistorie[endre | endre wikiteksten]

I 1920 vart Orkedal kommune delt i tre: Orkedalsøra opp til Bårdshaug, Midtbygda og Øverbygda. Etter kvart fekk Midtbygda namnet Orkdal med Fannrem som sentrum, Øverbygda vart til Orkland.

Det vart mykje diskusjon kring namnebytet til Orkedalsøren. Forslag som «Orkang», «Thamshavn», «Orkstad» og «Njardarvik» vart framlagde. Det vart gjord framlegg om «Orkangr», som etter ein runde i heradsstyret vart til «Orkanger». Det var 18 stemmer for «Orkanger», og fire for «Orkang».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]