Orkestersuitar av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orkestersuitar eller Ouverturar BWV 1066–1069 er ei samling musikkverk av Johann Sebastian Bach, truleg komponert mellom 1725 og 1739 i Leipzig. Ordet ouverture syner til opningssatsen der ein del med langsam rytme med punkterte notar vert etterfølgd av ein fuge. På denne tida vart dette namnet òg nytta om ein heil suite med dansestykke i fransk barokkstil.

Ouverture No. 1 i C-dur, BWV 1066[endre | endre wikiteksten]

  1. Ouverture
  2. Courante
  3. Gavotte I/II
  4. Forlane
  5. Menuett I/II
  6. Bourrée I/II
  7. Passepied I/II

Instrumentering: Obo I/II, fagott, fiolin I/II, bratsj, basso continuo

Ouverture No. 2 i h-moll, BWV 1067[endre | endre wikiteksten]

  1. Ouverture
  2. Rondeau
  3. Sarabande
  4. Bourrée I/II
  5. Polonese (Lentement) - Dobbel
  6. Menuett
  7. Badinerie

Instrumentering: Solo fløyte, fiolin I/II, bratsj, basso continuo

Badinerie har vorte eit standardstykke for solofløytistar sidan han er hurtig og vanskeleg.

Ouverture No. 3 i D-dur, BWV 1068[endre | endre wikiteksten]

  1. Ouverture
  2. Air
  3. Gavotte I/II
  4. Bourrée
  5. Gigue

Instrumentering: Trompet I/II/III, pauker, obo I/II, fiolin I/II, bratsj, basso continuo

Air er eit av dei mest kjende verka frå barokkmusikken. Eit arrangement av stykket av den tyske fiolinisten August Wilhelmj (1845–1908) har vorte kjend som Air on the G-string.

Ouverture No. 4 i D-dur, BWV 1069[endre | endre wikiteksten]

  1. Ouverture
  2. Bourrée I/II
  3. Gavotte
  4. Menuett I/II
  5. Réjouissance

Instrumentering: Trompet I/II/III, paukar, obo I/II/III, fagott, fiolin I/II, bratsj, basso continuo

Opningssatsen frå denne suiten vart nytta om att av Bach for den korale opninga av kantaten Unser Mund sei voll Lachens, BWV 110.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]