Orkidear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orkidear


Ophrys insectifera. Blomen liknar ei hoflue. Arten finst i Noreg.
Ophrys insectifera. Blomen liknar ei hoflue. Arten finst i Noreg.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Asparagales
Familie: Orchidaceae
Underfamiliar
Vitskapleg namn
Orchidaceae

Orkidear er blomsterplantar i marihand-familien (eller orkide-familien), den største familien med blomstrande plantar, som omfattar om lag 20-25 000 artar i nesten 900 slekter. Fleire av slektene har meir enn 1000 artar. Vaniljeplanten er medlem av marihandfamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Orkidear finst overalt i verda. Hovudvekta av orkideane finst i tropiske strok, men dei finst overalt frå øyer nær Antarktis til Nord-Europa.

I Noreg finn ein 36 artar, i 23 slekter. Dei finst i heile landet.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Orkideane utgjer familien Orchidaceae, i orden Asparagales. Av di familien er so stor er det noko usemje om dei innbyrdes tilhøva i familien, men i dag er det fem underfamiliar (sjå taksoboks). Underfamilie Epidendroidea er den største, med ca. 15 000 artar i 400 slekter.

Orkideane utgjer familien Orchidaceae, i orden Asparagales. Den fyrste som klassifiserte orkidear var Carl von Linné som registrerte åtte slekter i 1753. Orkideane vart plasserte i sin eigen familie av de Jussieu i 1789, og fire av underfamiliane kom på 1830-talet, klassifisert av John Lindley, orkideklassifiseringas far. Den seinste store klassifiseringa er gjort av Robert Louis Dressier, og det er denne me fylgjer her. Det er seks underfamiliar, some alle er monofyletiske. Utover det er mykje usikkert. Dressier si klassifisering er basert på utsjånad, og genetikk har synt at mange av dei lågare inngrupperingane er parafyletiske. Attåt vert meir enn hundre nye artar skildra i året, som gjer arbeidet enno vanskelegare.

Underfamiliane over står i tilhøve til einannan som spesifisert i APG-systemet. Hugs at alle underfamiliane ligg på same «nivå». Di mindre intendert ein familie er, di tidlegare skilde han seg frå dei andre utviklingsmessig.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alle orkidear er eittfrøblada, slik liljer og alle typar gras òg er. Difor går alle nervane i blada parallelt frå bladfestet og møtest i spissen av bladet.

Alle orkideblomar er symmetriske om ein vertikal akse. Dei har fem kronblad, ofte med sterke fargar, pluss ei «leppe», som er eit omdanna kronblad. Utsjånaden kan variera enormt, og mange orkideblomar vert rekna som svært vakre.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Som alle plantar har orkidear generasjonsveksling mellom ein haploid gametofyttgenerasjon, og ein diploid sporofyttgenerasjon. Orkidear er karplantar, so det er sporofytten som er den synlege planten.

Alle artar lever i symbiose med sopp i minsto ein del av livssyklusen. Hjå alle artar treng frøet næring frå sopp.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Orkideane har veldig ulike og spesialiserte pollineringsstrategiar, men hovudvekta nyttar insekt pollinering. Mange artar er avhengige av ein einaste insektart. Dei slepp difor alt pollenet på ein gong, sidan det kan gå lenge mellom kvar vitjing.

Dei fleste insektpollinerande artane lokkar insekt med fargar og lukt, men få har nektar.

Hjå slekta Ophfrys liknar blomen på hoa i arten, og produserer ofte holege sex-feromonar. Pollenet vert overført medan hannen freistar para seg. Arten Ophrys insectifera (flugeblom) liknar på ei ho-fluge, og finst i Nordland og på Søraustlandet.

Somme artar vert vitja av orkidefluger, som treng stoff som orkideen skil ut for å produsera feromon.

Somme artar fangar insektet inni blomen. Pollen vert overført når insektet forlèt planten.

Somme artar sjølvpollinerer, og somme forplantar seg ukjøna.

Levekår[endre | endre wikiteksten]

Neottia nidus-avis har ikkje klorofyll. Arten finst i Noreg.

Flestalle orkideartar er epifyttar (veks på andre plantar), og somme av desse er heilt eller delvis parasittiske. Somme artar driv ikkje fotosyntese. Desse er heilt parasittiske, anten på høgare plantar eller på sopp.

Somme artar veks i mose på steinar, og somme er terrale (veks på jord).

Orkidear i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Orkidear finst i heile Noreg. Totalt er det 36 artar, frå 23 ulike slekter.

Liste over orkideartar i Noreg. Slekt og artnamn på latin står i kursiv, norske namn i klammer:

  • Anacamptis (Narrmarihandslekta)
    • morio (Narrmarihand)
  • Cephalanthera (Skogfrueslekta)
    • longifolia (Kvit skogfrue)
    • rubra (Raud skogfrue)
  • Chamorchis (Fjellkurleslekta)
    • alpina (Fjellkurle)
  • Coeloglossum (Grønkurleslekta)
    • viride (Grønkurle)
      • islandicum (Islandsgrønnkurle)
  • Corallorhiza (Korallrotslekta)
    • trifida (Korallrot)
  • Cypripedium (Mariskoslekta)
    • calceolus (Marisko)
  • Dactylorhiza (Marihandslekta)
    • fuchsii (Skogmarihand)
    • incarnata (Engmarihand)
      • coccinea (kysstype)
      • cruenta (Blodmarihand)
      • incarnata (Vanleg engmarihand)
    • lapponica (Lappmarihand)
    • maculata (Flekkmarihand)
    • praetermissa (Stormarihand)
    • purpurella (Purpurmarihand)
    • sambucina (Systermarihand)
    • traunsteineri (Smalmarihand)
  • Epipactis (Flangreslekta)
    • atrorubens (Raudflangre)
    • helleborine (Breiflangre)
      • neerlandica (Jærflangre)
    • palustris (Myrflangre)
  • Epipogium (Huldreblomslekta)
    • aphyllum (Huldreblom)
  • Goodyera (Knerotslekta)
    • repens (Knerot)
  • Gymnadenia (Brudesporeslekta)
    • conopsea (Brudespore)
      • densiflora (Tett brudespore)
  • Hammarbya (Myggblomslekta)¹
    • paludosa (Myggblom)
  • Herminium (Honningblomslekta)
    • monorchis (Honningblom)
  • Liparis
    • loeselii (Fettblad)
  • Listera (Tvibladslekta)
    • cordata (Småtviblad)
    • ovata (Stortviblad)
  • Lysiella (Sibirnattfiol-slekta)
    • oligantha (Sibirnattfiol)
  • Microstylis (Knottblomslekta)
    • monophyllos (Knottblom)
  • Neottia (Fuglereirslekta)
    • nidus-avis (Fuglereir)
  • Nigritella (Svartkurleslekta)²
    • nigra (Svartkurle)
  • Ophrys (Flugeblomslekta)
    • insectifera (Flueblom)
  • Orchis (Vårmarihandslekta)
    • mascula (Vårmarihand)
  • Platanthera (Nattfiolslekta)
    • bifolia (Nattfiol)
    • montana (Grov nattfiol)
  • Pseudorchis (Kvitkurleslekta)
    • albida (Kvitkurle)
    • straminea (Fjellkvitkurle)

Denne klassifiseringa er henta frå den norsk sida ArtsDatabanken. Fylgjande skil seg frå ein del andre klassifiseringer:
¹ Slekta Hammarbya er ogso vanleg kjend som Malaxis. Altso Malaxis paludosa
² Slekta Nigritella ligg nær slekta Gymnadenia, og er ofte rekna som del av henne. Altso Gymnadenia nigra.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bilete av dei fleste norske orkideartane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]