Orklaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orkla (elv))
Orkla
elv
Land  Noreg
Fylke Trøndelag, Innlandet
Kommunar Oppdal, Orkland, Rennebu, Tynset
Lengd 179 km
Kjelde Orkelsjøen i Oppdal
Munning Orkdalsfjorden
Kart
Orklaelva
63°19′06″N 9°50′22″E / 63.31833333°N 9.83944444°E / 63.31833333; 9.83944444
Wikimedia Commons: Orkla

Orkla er ei elv i Trøndelag og Innlandet. Elva følgjer Orkladalføret og passerer tettstaden Orkanger før ho renn ut i Orkdalsfjorden. Ho har utspring i Orkelsjøen i Oppdal kommune, og renn vidare gjennom kommunane Tynset, Rennebu og Orkland.

Elva er mykje brukt til laksefiske. Ho har ei lakseførande strekning på 88 kilometer, frå utløpet ved Orkanger til Stoin, rett nedanfor Ulsberg i Rennebu. Den største registrerte laksen ein har teke her var 25 kilo.

Elva er regulert i fem kraftverk som blei bygd i åra 19781985.

Ved elveutløpet var det fram til 1970-åra eit delta med store våtmarksområde og eit rikt fugleliv. Det meste av deltaet er nå fylt ut med grus og utbygd med industri, i eit område som har fått namnet Grønøra. Ein liten rest av det gamle våtmarkslivet finst likevel vest for elveutløpet, utanfor Gjølme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]