Orkla ASA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Orkla ASA
Org.nr. 910747711
Etablert 1654
Dotterselskap Borregaard, Elkem, Sapa og ei rekke merkevareselskap
Hovudkontor Oslo, Noeg
Bransje Konsumentvarer
Materialar, Aluminium
Tal på tilsette 35 000 (2007)
Resultat NOK 5 112 millionar (2007)

Orkla ASA (OSE: ORK) er eit av dei største børsnoterte selskapa i Noreg, med verksemd innan kjerneområda merkevarer, spesialmaterialar og finansielle investeringar. Orkla omsette i 2007 for 64 milliardar kroner og hadde 35 000 tilsette.

Orkla selde sommaren 2006 mediedivisjonen sin, Orkla Media, til det britiske selskapet Mecom.

Orkla sitt kanskje mest kjende produkt er pizzaen Grandiosa.

I dag omfattar Orkla blant anna REC (39,73% eigd av Orkla), Stabburet, Nidar, Lilleborg, Elkem, Sapa og Borregaard. Selskapet har sitt formelle hovudsete i Sarpsborg. Kontor- og administrasjonsadressa er i Oslo.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orkla har røtene sine tilbake til gruvedrifta på Løkken Verk i 1654. Det moderne Orkla blei grunnlagt i 1904 av Christian Thams, under namnet Orkla Grube-Aktiebolag. Christian Thams, med Farsund-reiaren Christian Salvesen som finansiell partner, tok opp igjen gruvedrifta på Løkken Verk etter at den hadde vore nede nokre år. Orkla ASA reknar likevel 1654 som stiftingsåret sitt, og feira 350-årsjubileum i 2004.

Gruvedrifta på Løkken tok slutt i 1987.

Nokre av Orkla sine konsernsjefar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Orkla sine styreleiarar[endre | endre wikiteksten]

Marknadsverdi[endre | endre wikiteksten]

Orkla sin marknadsverdi på Oslo Børs var per 6. august 2008 oppe i 119 milliardar kroner. Orkla-aksjen blir handla under tickeren ORK.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]