Ormar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orm)
Gå til: navigering, søk
Ormar


Hoggorm
Hoggorm

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Reptilia
Orden: Squamata
Underorden: Serpentes
Vitskapleg namn
Serpentes
Linnè]], 1758

Orm er eit felles namn på krypdyr utan lemer. Ormar som høyrer til underordenen Serpentes, særleg dei utanlandske variantane, vert òg kalla slangar, av di dei har form som ein (vass-)slange. Ordet orm kan òg visa til drakar, og det kan jamvel brukast om mange ulike små makkar og protostomiar. Resten av denne artikkelen handlar om ormar som er krypdyr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Slangane utvikla seg frå øglene for om lag 100 millionar år sidan, under krittida. Dei er rovdyr med rørelege kjevar som gjer at dei kan sluka svært store bytte samanlikna med sin eigen storleik.

Somme ormar har eit giftig bit, som dei brukar til å lamma eller drepa byttedyr. Men langt dei fleste ormar (1 600 av dei om lag 2 400 ulike artane) har inga gift.

Den ormearten som vert størst og tyngst, er den søramerikanske anakondaslangen, som kan bli opp til 10 m lang og vega 250 kg. Somme artar av pytonslangar kan bli minst like lange, men ikkje so tunge.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst det tre ormar som høyrer til slangeordenen: hoggorm, buorm og slettsnok. Av desse er berre hoggormen giftig. I tillegg finst det stålormar her til lands, som eigentleg er øgler utan bein. Alle ormar er kaldblodige.

Overfamiliar og familiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]