Oronsay i Indre Hebridane

Koordinatar: 56°01′N 6°14′W / 56.02°N 6.24°W / 56.02; -6.24
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oronsay
Lokalt namn Orasaigh
Geografi
Oronsay i Indre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°01′N 6°14′W / 56.02°N 6.24°W / 56.02; -6.24
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 5,43 km²

Høgaste punkt Beinn Orasaigh (93 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Oronsay Farm

Demografi
Folketal 5 (2001)
Folketettleik 0,92 /km²

Oronsay (skotsk-gælisk Orasaigh), stundom skrive Oransay av lokalsamfunnet, er ei lita tidvassøy sør for Colonsay i dei Indre Hebridane i Skottland. Ho har eit areal på litt over fem kvadratkilometer.

Frå ei av dei vesle strendene på austsida av Oronsay, mot Paps på Jura.

Det høgaste punktet på øya er Beinn Orasaigh på 93 meter over havet. Ho er knytt til Colonsay via ein banke som kjem til syne ved lågvatn (kalla An Traigh, 'The Strand') som består av sand og mudderflater. I 2001 var det registrert fem innbyggjarar på øya, som alle budde på garden ved Oronsay priorinnekloster. Skjera og holmane Eilean nan Ròn (Seal Island) i sørvest er eit viktig yngleområde for gråsel. For å bevare bestandane av alpekråke og åkerrikse har Oronsay og sørenden av Colonsay status som Special Protection Area (særskild verneområde) sidan desember 2007.[1]

Det er to teoriar om opphavet til namnet frå . Namnet kan ha tydd Oran si øy. St. Oran grunnla klosteret på øya i 563. Det kan òg ha kome frå det norrøne Örfirisey som tyder «fjøreøya».[2][3]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Øya er mest kjend for Oronsay priorinnekloster frå 1300-talet. Det låg truleg på same stad som klosteret frå 563 og Oronsay-krossen, som opphavleg vart skoren ut på Iona. Klosteret var lite, men har ein av dei mest komplette (delvis restaurerte) klosterhagane av alle dei skotske mellomalderklostera.

Oronsay priorinnekloster.
Graver på Oransay

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, Claire (17. desember 2007). «Special protection zones take flight to protect three rare bird species». The Scotsman (Edinburgh). Henta 19. februar 2010. 
  2. Haswell-Smith (2004) s. 52.
  3. Watson (2004) s. 505.