Orontes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°2′43″N 35°57′49″E
Orontes
Nahr al-Asi
elv
none  Orontes i Tyrkia
Orontes i Tyrkia
Land Flag of Lebanon.svg Libanon, Flag of Syria.svg Syria Flag of Turkey.svg Tyrkia
By Antakya
Kjelde Labweh i Libanon
 - høgd 910 moh
 - koordinatar 34°11′49″N 36°21′9″E
Munning Middelhavet nær Samandağı i Tyrkia
 - koordinatar 36°2′43″N 35°57′49″E
Lengd 571 km
Nedslagsfelt 23 000 km²

Orontes eller Asi (arabisk العاصي, ‘Āṣī; tyrkisk Asi) er ei elv i Libanon, Syria og Tyrkia.

I antikken var ho den viktigaste elva i Levanten, og vart òg kalla Drako, Tyfon og Aksios.

Namnet «Orontes» er den greske forma av det iranske namnet, Haeravanta, som tyder 'den grandiose'.

Elveleiet[endre | endre wikiteksten]

Orontes spring ut i Labweh på austsida av Bekaadalen, nær kjelda til den sørovergåande Litani, og renn nordover, parallelt til kysten. Ho fell 600 meter gjennom ei berglendt kløft. Etter kløfta renn ho ut i Homssjøen, som har eksistert etter at elva vart demd opp i antikken. Dalen vert så vidare i det rike distriktet Hamah (Hamaih-Epiphaneia), og nedanfor dette området ligg det vide landskapet Amykes, med antikke stader som Apamea og Larissa. Denne sentrale Orontesdalen endar i klippene Jisr al-Hadid, der elva svingar vestover og ut på Antiokasletta.

To store sideelvar frå nord, Afrin og Karasu, munnar ut i elva via den tidlegare Antiokasjøen, som no er drenert via kunstige kanalar (Nahr al-Kowsit). Ho renn nord for det moderne Antakya (i antikken Antioka) og så sørvestover gjennom ei kløft (som i antikken vart samanlikna med Tempe), og fell så 50 meter dei neste 15 km mot sjøen like sør for den vesle hamne byen Samandağı (tidlegare Svedia, i antikken Selevkia Pieria), etter ei total lengd på 240 km.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orontes i Hama i Syria

Orontes var ikkje farbar og vart lite nytta til kunstig vatning, og er derfor hovudsakleg historisk viktig fordi dalen høvde godt for reiser frå nord til sør. Vegane frå nord og nordaust møttest i Antioka, og følgde elva opp til Homs der dei bygde Al-Rastan-dammen. Frå her gjekk vegane til Damaskus og til Syria og sørover. Armear på veg til og frå Egypt har passert gjennom denne dalen til alle tider. Ved Orontes vart slaget ved Kadesh utkjempa under Ramesses II (1279 – 1213 fvt.). Slaget ved Qarqar vart utkjempa i 853 fvt., då ein armè frå Assyria, leia av kong Shalmaneser III, møtte ein alliert arme av 12 kongar leia av Hadadezer av Damaskus. I 637 evt. vart slaget ved Jernbrua utkjempa mellom styrkane til Rashidun-kalifatet og Austromarriket nær Jernbrua over elva, som vart laga av romarane.

Orontes har lenge vore ei grense. For egyptarane markerte ho den nordlege grensa i Amurru, aust for Fønikia. For krossfararane på 1100-talet vart Orontes den permanente grensa mellom Fyrstedømet Antioka og Aleppo.

Den franske forfattaren Maurice Barrès (1862–1923) skreiv om elva i hans Un Jardin sur l'Oronte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]