Orrefors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°50′23.852″N 15°44′41.212″E Orrefors er ein tettstad i Nybro kommun i Kalmar län i Sverige, kring 40 km vest for Kalmar. I 2006 hadde tettstaden 7007 innbyggjarar.

Orrefors er framfor alt kjend for glasverket med same namn, sjå Orrefors glasbruk.

Utanom glasverket har Orrefors sagbruk, butikkar, hotell, to vandreheimar, campingplass og andre firma som satser på glas- og turistnæringa. På staden ligg òg Riksglasskolan med elevinternat. Glaskonsernet Orrefors Kosta Boda blei kjøpt opp av New Wave i 2005. Det er planer om ein fornøyelsespark med shoppingområde ved innkøyringa til Orrefors frå riksväg 31.

Idrettsplassen i Orrefors heiter Orrevallen og er heimebane for fotballaget Orrefors IF.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Orrefors ligg ved riksväg 31 mellom Nybro og Vetlanda. Næraste jernbanestasjon er Nybro ved Kust till Kust-banen. Orrefors var tidlegare stasjon ved banen mellom Nybro og Sävsjöström, men persontrafikken tok slutt i 1985. Dei næraste flyplassane med regulær persontrafikk ligg i Kalmar og Växjö.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]