Országház

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Országház

ArkitektImre Steindl
Opna1904
Stilnygotikk
Kart
Országház
47°30′25″N 19°02′44″E / 47.506944444444°N 19.045555555556°E / 47.506944444444; 19.045555555556
Den ungarske parlamentsbygningen sett frå Buda.

Országház er den ungarske parlamentsbygningen og ligg ved venstrebreidda av Donau i bydelen Pest i Budapest. Bygningen er den største i Ungarn,[1] og den høgaste i Budapest.[2] Han er eit landemerke og ein turistattraksjon i byen.

Parlamentsbygningen er oppført i nygotisk stil med Imre Steindl som arkitekt. Han blei innvigd i 1896 ved feiringa av tusenårsjubileet til Ungarn. Han blei parlamentsbygning i 1902. Bygget er symmetrisk med ein stor kuppel i nyrenessansestil i midten.[3] Symmetrien finst både på inn- og utsida. Inne i bygget finst to store hallar som opphavleg blei brukt til dei to kammera i parlamentet. Etter andre verdskrigen har Ungarn hatt eit eittkammersystem, og berre ein hall blir brukt til politikk medan den andre kan vitjast av turistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Top 10 of Budapest, Budapestinfo, arkivert frå originalen 14. oktober 2014, henta 25. desember 2014 
  2. 23. emelet - Budapest, szeretlekmagyarorszag.hu
  3. Hewitt, Rick Steves & Cameron (2009). Rick Steves' Budapest (1. utg.). Berkeley, Calif.: Avalon Travel. ISBN 9781598802177. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Országház
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med Ungarn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.