Ortona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ortona, sett frå Adriahavet

Ortona er ein by og ein kommune i provinsen Chieti i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har vel 23 000 ibuarar og eit areal på 70,2 km².

Byen er frå førromersk tid. Det eigentlege bysentrem ligg på ei høgde, 72 meter over havet, men likevel nær Adriahavet. Etter Italia vart samla i 1861, vart Ortona ein av dei fyrste stadene der det voks fram badeturisme, også i dag er byen eit mykje søkt mål for badegjester.

I tida 20.-28. desember 1943 pågjekk i Ortona harde kampar mellom ein tysk styrke beståande av fallskjermsoldatar og ein kanadisk infanteristyrke. Tyskarane måtte til sist trekke seg ut av byen, og allierte styrkar kunne ta i bruk djupvasshamna på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ortona» frå dk, den 21. februar 2014.