Orusts kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orusts kommun
Orust vapen.svg
Kommunevåpenet til Orusts kommun
Len Västra Götalands län
Landskap Bohuslän
Centralort Henån
Areal 393,49 km²
 – Landareal 389,01 km²
 – Vassareal 4,48 km²
Folketal 15nbsp;185
Folketettleik 39/km²
Kommunenummer 1421
Nettside www.orust.se
Kart
Orust Municipality in Västra Götaland County.png

Orusts kommun er ein kommune i Bohuslän i Västra Götalands län i Sverige.

Han femnar om den store øya Orust, der dei fleste kommuneinbyggjarane bur, og mange mindre øyar, holmar og skjer, med busetnad på nokre av dei, til dømes Flatön, Lyrön, Härmanö, Käringön, Malö og Gullholmen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Kulturhistorisk sett kan kommunen inndelast i kystbygd og innlandsbygd.

Kystbygdene, især den vestlege kyststripa med sine svaberg, digre skjergardar og stadige pålandsvindar, har alltid vore prega av havet og næringane knytt til det. Skipsfrakt, skipsbygging og fiske var grunnlag for busetjing i det heile. Ei rekkje fiskevær voks fram frå slutten av mellomalderen og framover, og dei stod og fall i stor grad med at silda kom og gjekk.

Innlandsbygdene har vore landbruksbygder. Mellom dei mange langstrakte fjellryggane ligg små flatbygder på dalbotnane, og den dyrkberre marka har blitt nøye brukt. På klassisk båhuslensk måte er husa plassert ved grensa mellom åker og fjell, slik at inga jord blir sløst bort.

Skogen har vore hardt nytta, til tider nærmast utplyndra. Hogst til hus- og båtvyrke gjorde øya nesten skoglaus, og attpåtil hindra dyrebeitet attvekst og auka jorderosjonen.

Det er først under 1900-talet at øya har blitt grøn på ny, takka vere at dei gamle næringane har gått tilbake. Men av same grunn, og av mangel på nye arbeidsplassar, minka også folketalet betydeleg, særleg på den vestre kyststripa. Det var på først på slutten av 1960-talet at utviklinga snudde slik at folkemengda auka stort under tjue år, fremst på øyas austre delar, og no ligg ganske stabilt.

Det som då skjedde, var at fleire og fleire fekk høve å arbeidspendle. 1960 blei det brusamband sørover mot den unge og ekspansive industristaden Stenungsund og 1966 blei det også bru mot nord og byen Uddevalla. Dei siste tiåra har Orust også blitt bustad for langpendlarar til Göteborg.

Noko som har auka drastisk det siste hundreåret er turismen. Havet, dei friske vindane og dei pittoreske fiskeværa har freista mange frå fjern og nær, og gjer det framleis. Dei gamle delane av væra har stort sett blitt gjort om til sommarkoloniar åt kapitalsterke byfolk, fremst frå Göteborg.

Notid[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden er ganske jamnt fordelt over heile kommunen. Berre 37 % av befolkninga bur i tettstader, og det gjer kommunen til ein av landets minst urbaniserte. Om sommaren aukar folketalet drastisk - om lag halvparten av husa er fritidsbustader.

Dobbelt så stor lut av innbyggjarane som riksgjennomsnittet arbeider med landbruk og byggjeverksemd. Båtbygging er framleis ei viktig kjelde til sysselsetjing, men no om dagen er det fremst fritidsbåtar av plast det blir spurt etter, så denne eldgamle tradisjonen lever vidare, men i moderne skapnad. 45 % av dei arbeidande pendlar ut av kommunen, dei fleste sørover til Göteborg og Stenungsund, men mange også til Uddevalla.

Orust

Tettstader og andre stader[endre | endre wikiteksten]

  • Henån (1881 innb.)
Bade- og handelsstad frå slutten av 1800-talet. Er i dag kommunens kommersielle og administrative sentralstad, med verft og annan småindustri.
  • Svanesund (1545 innb.)
Var i fleire hundreår Orust sin tingstad og ferjestad til fastlandet. I dag lokalt sørvissenter, med ferjesambandet enno i bruk.
  • Varekil/Svanvik (1079 innb.)
Handelsstad frå slutten av 1800-talet, sentral- og tingstad for Orust under første delen av 1900-talet. Er i dag eit bustadstrøk utan større betydning.
  • Ellös (1008 innb.)
Gammalt fiskevær. Hadde under 1900-talet konserveindustri, no ligg her Sveriges største fritidsbåtverft. Lokalt sørvissenter. Mykje turisme om sommaren.
  • Mollösund (276 innb.)
Eldgammalt fiskevær, til tider blant dei største i landet. Er kjend for tørking av lange til lutefisk. Er i dag elles fremst ein idyllisk sommarstad med mykje turisme.
  • Hälleviksstrand (258 innb.)
Gammal fiske- sjøfarts- og handelsstad, frå 1800-talet også badestad. I dag sommarstad.
  • Stocken (149 innb.)
Gammalt fiskevær. Viss skipsfrakt under første delen av 1900-talet. I dag ein utprega sommarstad.
  • Gullholmen (138 innb.)
Eit av fiskeværa langs vestkysten. Under 1800-talet tilkom fiskeindustri og skipsfrakt. I dag ein eksklusiv sommarstad.
  • Käringön (111 innb.)
Eldgammalt fiskevær og losstasjon. I dag ein eksklusiv sommarstad.
  • Nösund (80 innb.)
Var på 1800-talet handels- frakt- og sentralstad. Blei på 1900-talet ein populær badestad med dampskipstrafikk til Göteborg. I dag nokså stille.
  • Slussen (62 innb.)
Bade- og verftsstad frå 1800-talet.
  • Edshultshall (60 innb.)
Gammalt fiskevær, frå 1800-talet skipperstad. I dag sommarstad.
  • Kungsviken
Verftsstad med eldgamle båtbyggjartradisjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.