Orvar-Odd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjalmars avsked av Orvar Odd efter striden på Samsö (1866) av Mårten Winge.

Orvar-Odd (norr. Örvar-Oddr) er ein sogehelt frå Örvar-Oddr saga frå 1200-talet. Han opptrer også i Hervarar saga og i omtalen av slaget på Samsø i Gesta Danorum.

Ifølgje soga var Orvar-Odd fødd på Berrjod (Berglyd) i Rogaland. Han fór mellom anna til Irland, Sverige og Danmark, og var med i store slag. Ei volva spådde at Fakse, hesten hans, skulde verta banen hans. Han drap hesten, og grov han ned eller søkte han i Faksetjørn.

Etter ei rekkje reiser og opplevingar i utlandet, kom Orvar-Odd tilbake til staden der hesten var gravlagd, og gjorde narr av spådommen. Då kom han over skallen til hesten, og ein orm kom ut og beit Orvar-Odd slik at han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]