Orvar Bergmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orvar Bergmark

Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. november 1930
Skellefteå
Død

10. mai 2004 (73 år)
Örebro

Yrke fotballspelar, bandyspelar, fotballtrenar
Orvar Bergmark på Commons

Ernst Orvar Bergmark (16. november 193010. mai 2004) var ein svensk fotballspelar, bandyspelar og landslagstrenar i fotball frå Bureå i Västerbottens län. Bergmark vann sølvmedaljar i VM i både bandy og fotball. Han spela 94 landskampar i fotball og var sidan landslagstrenar for Sverige 1966-70.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Bergmark flytta til Örebro og spela Örebro SK frå 1948 til 1962, bortsett frå 1955-sesongen, då han var aktiv for AIK Stockholm. Åra 1962-64 var han knytt til AS Roma i Italia, men spela berre to seriekampar, ettersom det berre var lov å stille med tre utanlandske spelarar på laget.

Bergmark debuterte for Sveriges fotballandslag i 1951, og var rimeleg fast høgreback dei neste elleve åra. Under VM i fotball 1958 på svensk heimebane var han med å spele Sverige fram til finalen på Råsunda stadion, der det vart tap 2-5 mot Brasil. Same sesongen vart han tildelt «Guldbollen» som den beste svenske fotballspelaren i 1958. Bergmark spela sin 94. og siste landskamp då Noreg den 21. juni 1962 vart slått 2-0 i ein EM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion, samstundes debuterte Olav Nilsen for Noreg.

Bergmark var landslagstrenar for Sverige landslag i fotball 1966-70, og leia såleis laget under VM i Mexico i 1970.

Bandy[endre | endre wikiteksten]

Bergmark spela seks SM-finalar i bandy for Örebro SK. Vinteren 1955 vann han sitt fyrste svenske meisterskap, sidan vann klubben meisterskapane i 1957 og 1958. Han spela 20 landskampar i bandy for Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene: