Osława

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osława
elv
Land  Polen
Nedslagsfelt 507 km²
Lengd 64 km
Kjelde Bieszczady
Munning San
Kart
Osława
49°32′05″N 22°16′04″E / 49.5347°N 22.2678°E / 49.5347; 22.2678
Wikimedia Commons: Osława

Osława (tsjekkisk Oslava, tysk Oslawa, ukrainsk Ослава) er ei elv søraust i Polen. Namnet hennar kjem frå det gamle vestslaviske ordet osła, som tyder «stein». Ho har utspringet sitt i Bieszczadyfjella og renn gjennom vestlege delar av Sanok. Elva munnar ut i San ved Zasław, nord for Zagórz.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Czarny, Gleboki, Wloszaczycza, Duszatynski, Rzepedz, Czaszynski, Bannicza, Koniow, Ustmikowa, Tarnawka, Osławica og Kalniczka.

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Maniów, Wola Michowa, Smolnik, Mików, Duszatyn, Balnica, Jawornik, Prełuki, Turzańsk, Rzepedź, Szczawne, Kulaszne, Wysoczany, Mokre, Morochów, Tarnawa Dolna, Zagórz og Zasław.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oslawadalen har vore ei viktig handelsrute frå 800- eller 900-talet. Regionen vart etter kvart ein del av staten Stormähren og rundt år 900 kom det inn under ungararane. Området vart stadig kjempa om mellom Polen, Kievriket og Ungarn.

Elvar vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1400.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.