Osan i Bindal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°5′19.558″N 12°27′35.528″E / 65.08876611°N 12.45986889°E / 65.08876611; 12.45986889

Flyfoto tatt frå aust. Osan er den lille fjorden til venstre ned på biletet

Osan er ein fjord i Bindal kommune i Nordland. Han er ei fortsetjing av Terråkfjorden og Bindalsfjorden og strekkjer seg 5,5 km austover til Helstad i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Terråk i sørvest og Vassås i nordaust. Mellom desse stadane går den 400 meter lang Vassås bru over fjorden langs Fv1, som går langs nesten heile fjorden.