Osborne Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Osborne Bay er ei bukt på nordaustkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg aust for East Cowes. Kystlinja hennar er 2 km lang og svingar svakt. Ho strekkjer seg frå Old Castle Point i vest til Barton Point i aust.

Havbotn er ei blanding av gjørme og sand. Stranda består hovudsakleg av grus.

Bukta er ein populær ankringsplass for småbåtar om sommaren og er verna frå den sørvestlege vinden, som ofte er rådande her. Bukta er utilgjengeleg frå land og er lettast å nå frå sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°45′54″ N 1°19′48″ W