Oscar Mathisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oscar Mathisen.

Oscar Wilhelm Mathisen (4. oktober 188810. april 1954) var ein norsk skøyteløpar som representerte Kristiania Skøiteklubb.

Han vart verdsmeister i 1908, 1909, 1912, 1913 og 1914, europameister i 1909, 1912 og 1914 og noregsmeister i 1907, 1910, 1912, 1913 og 1915. Han vart òg kåra til «profesjonell verdensmeister» etter løp mot amerikanaren Bobby McLean i Kristiania 1920 (vann tre av fire løp). Mathisen må reknast som Norges største skøyteløpar gjennom tidene.

Oscar Mathisen voks opp i arbeidarbydelane Vaterland og Vika i Kristiania, som den yngste av sju søsken. Broren Sigurd deltok i VM frå 1902, og vart verdsmeister 19 år gammal i 1904. Oscar starta i løp så snart familien fekk råd til to par skøyter, og slo nesten med ein gong igjennom. Oscar måtte pantsette premiar for å klare seg økonomisk, og da pantelånaren utlyste premiane for sal, vart Mathisen diskvalifisert for profesjonalisme. Han nytta karantenesesongen 1911 til å tileigna seg ny svingteknikk, introdusert av russarane i 1910.

Frå 1912 var Oscar «uslåeleg», og forbetra samtlege verdsrekordar. 1500-meterrekorden frå 1914, 2.17,4, vart først tangert i 1936 og slått i 1937. Hans siste 500 m-rekord (43,7 frå 1914) stod i 14 år. Rekorden på 1000 m frå 1909 (1.31,8 i Davos) stod i 21 år. Rekorden på 10 000 m (17.22,6 på Frogner i 1913) vart ikkje underskriden før i 1928. Mathisen toppa Adelskalenderen frå 1. februar 1909 til 11. januar 1930.

Frå 1916 konkurrerte han som profesjonell i USA . Etter sigeren over McLean i Kristiania 1920 deltok han berre sporadisk i konkurransar; sist i Davos i 1929 då han underskreid gjeldande verdsrekordar på 500 og 1000 m. Han gjekk oppvisingsløp og deltok i trening med yngre løparar fram til krigen, og Mathisens sportsforretning i Pløens gate var ein møtestad for norske og utanlandske løparar. I yngre år konkurrerte Oscar Mathisen òg i stup og sykling.

Nivåhevinga som følgde av konkurransen mellom Mathisen og russarane, i tillegg til den enorme populariteten Mathisen naut i Noreg, «attreiste» skøytesporten etter ein nedgangsperiode i starten av hundreåret. Oscar Mathisen utgav sjølvbiografien Mitt livs løp i 1946. I 1954 skaut han kona si, Sigrid Mathisen, før han skaut også seg sjølv. Kona hadde i lengre tid vore psykisk sjuk, men hadde heile tida budd heime der mannen tok seg av henne. Sjukdommen gav seg seg mellom anna utslag i at ho gjekk og handla på krita i ymse forretningar i Oslo. Med unntak av Dagbladet lèt all norsk presse vere å melde om korleis Mathisen og kona døydde.[1]

Utanfor Frogner stadion er det reist ein statue av Oscar Mathisen, laga av Arne Durban. Dei årlege Oscarløpet og Oscarstatuetten vart instituert til hans ære.

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • 500 m - 43,0
  • 1000 m - 1.31,1
  • 1500 m - 2.17,4
  • 3000 m - 4.58,8
  • 5000 m - 8.36,3
  • 10 000 m - 17.22,6

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Oscar Mathisen: Mitt livs løp, Dybwad, Oslo, 1946