Oscar Tybring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oscar Tybring
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mai 1847
Død

5. februar 1895 (47 år)

Yrke skribent, lege
Språk norsk

Nei, det er vel litt for meget forlangt av vår klippekyst
at den skal føye og bøye seg etter redningsvesenet.
Vi får heller se til å finne et redningsvesen
som passer kysten.

Oscar Tybring

Oscar Emil Tybring (fødd 19. mai 1847 i Selbu, død 5. februar 1895 i Oslo) var ein norsk lækjar og forfattar som er kjend for arbeidet han gjorde for å få stifta ei redningsteneste i Noreg. Han hadde dårleg helse, og var heile livet plaga av sjukdom. Oscar Tybring var student i 1864 og tok medisinsk embetseksamen nokre år etter. Han hadde stor interesse for sjø og sjøliv, og vart marinelækjar og lækjar på linjeskip til Amerika. Han var kompanikirurg på Oscarsborg festning. I 1884 vart han koleralækjar og assistent for stadsfysikus i Bergen. Frå 1885 praktiserte han i Son, på Tjøme og i Mandal. Dei siste åra budde han i Oslo.

Som forfattar skreiv Tybring om ulike emne. Han forfatta ei lækjarbok for sjøfolk, og skreiv mange artiklar i aviser og tidsskrift om medisinske emne. Av skjønnliteratur skreiv han mellom anna Småhistorier og Erindringer (1880) og Sjøgutter fordum og nu (1894) I 1880-åra var han litteratur- og teatermeldar i Aftenposten. Han omsette og fagstoff og skjønlitteratur til norsk. Han omsette mellom anna fleire av Rudyard Kipling sine forteljingar.

Oscar Tybring vert ikkje hugsa som nokon stor forfattar.

Redningssaka[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Redningsselskapet

I 1882 var Oscar Tybring marinelækjar om bord i korvetten «Alfen». Ved HopenSmøla fekk han på nært hald sjå fylgjene av eit skipsforlis der fleire menneske omkom. Etter det vart han ein ihuga føregangsmann for betre sjøredning. Både Tønnes Puntervold og Eilert Sundt hadde tidlegare teke til orde for ei ordna redningsteneste. Sjølv om mange land lenge hadde hatt slike tenester, var det ikkje noko samordna arbeid i Noreg. Tybring skreiv i aviser, og reiste rundt langs kysten for å snakke med folk og få dei med seg i arbeidet. Han tok og kontakt med fleire framståande personar. I 1887 fekk han Colin Archer og admiral Koren interessert.

Det praktiske initiativet til å skipe eit redningsselskap, vart teke av Kristiania Kjøpmannsforening. Dei skipa ein komite. Etter kvart kom Tybring og Archer med i denne. Tybring sitt forebuande arbeid låg til grunn for innbydinga som vart send ut.

Redningsselskapet vart skipa, 9.juli 1891, gjorde Tybring si svake helse at han ikkje kunne vere til stades.

Det vart mykje diskutert korleis redningstenesta skulle organiserast. Tybring hadde på eige initiativ og for eiga rekning reist til fleire land i Europa og sett på redningsstasjonar og utstyr. Han var samd med Colin Archer i at redningsarbeidet måtte organiserast annleis på norskekysten. Ei tid arbeidde dei for redningsbåtar med segl og årar. Eit anna alternativ var lettmanøvrerbare seglskøyter. Andre ivra for landstasjonar eller dampbåtar som redningsfartøy. Under ein storm i februar 1892 viste losskøyter frå Langesund kva dei kunne utrette av redningsarbeid. Det gjorde slutt på diskusjonen. Det vart satsa på redningsskøyter.

Sjukdom gjorde at Oscar Tybring vart lite med i styringa av Redningsselskapet.

Oscar Tybring har vorte heidra ved at fleire redningsskøyter har fått namn etter han: RS 8 «Oscar Tybring I», RS 27 «Oscar Tybring II», RS 94 «Oscar Tybring III» og RS 104 «Oscar Tybring IV». I 1996 vart det bestemt at Redningsselskapet til ei kvar tid skal ha ei skøyte med namnet «Oscar Tybring».

Ved hamna på Hopen på Smøla vart det i 2008 avduka eit monument over Oscar Tybring. Det er utført av Marit Lyckander.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Oddvar Nilsen (red).Nødrop fra havet. Redningsselskapet gjennom 100 år. Nordvestforlaget 1990