Oseanografiske instrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei niskinflaske vert nytta til å hente opp vassprøvar frå djupet

Oseanografiske instrument er instrument som vert nytta til å måle forskjellige tilhøve i havet. Ein kan anten gjere målinagne direkte, in situ, eller ta vassprøvar som ein analyserer seinare.

Den mest brukte vasshentaren er nansenflaske, medan ein nyttar eit vendetermometer for å måle temperaturen. Vendetermometeret er gjerne festa til vasshentaren. Saliniteten vert anten målt ved titrering eller ved å måle den elektriske leieevna i eit salinometer. I dag nyttar ein i større grad sondar som registrerer temperatur og salinitet som funksjon av djupna.

Straummålarar vert nytta til å måle farten og retninga til havstraumar. Dei fleste instrumenta har ein propell eller rotor som vert driven av straumen, medan ei fløy syner retninga. Ein kan òg nytte lekamar som driv med straumen og følgje rørsla. Ein kan òg nytte akustiske måleapparat.

Optiske instrument kan ved hjelp av fotoceller måle dagslyset i forskjellige djupner i sjøen, eller ved hjelp av kunstig lys måle kor grumsete forskjellige vassmassar er.

Ekkolodd og sonar vert nytta til å kartlegge havbotn og finne lekamar i sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«oseanografiske_instrumenter» av Odd Henrik Sælen og Jan Erik Weber i Store norske leksikon, snl.no.