Oskar Øksnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oskar Øksnes
Fødd11. april 1921
Steinkjer kommune
Død27. mars 1999 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Oskar Ingemann Øksnes (fødd 11. april 1921 i Kvam i Nord-Trøndelag, død 27. mars 1999) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Landbruksminister[endre | endre wikiteksten]

Oskar Øksnes var statsråd og sjef for landbruksdepartementet (landbruksminister) i Odvar Nordli si regjering 25. januar 1976 - 4. februar 1981, og deretter i regjeringa Brundtland I 4. februar til 14. oktober 1981.

Øksnes-utvalet[endre | endre wikiteksten]

Øksnes vart i 1972 leiar for Øksnes-utvalet som som i 1974 kom med utgreiinga «Støtteordninger i jordbruket», som danna mykje av grunnlaget for det såkalla jamstillingsvedtaket som Stortinget vedtok i 1975: Å jamstille bøndenes sine inntekter med gjennomsnittleg industriarbeidarløn. I 1976 vart Oskar Øksnes landbruksminister. Dermed fekk han ansvaret for å gjennomføre jamstillingsvedtaket.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Øksnes var utdanna sivilagronom frå Norges Landbrukshøgskole og arbeidde som driftsagronom i Nord-Trøndelag frå 1948 til 1955. Han hadde òg eit spesialoppdrag i Landbruksdepartementet i 1952–1953. Seinare vart han fylkesagronom i Nord-Trøndelag fram til 1963, før han flytta til Molde og vart fylkeslandbrukssjef i Møre og Romsdal. Han var statssekretær i Landbruksdepartementet i perioden 1964–1965. Han vart fylkeslandbrukssjef i Nord-Trøndelag i 1975 – ei stilling han hadde fram til 1986, avbrote av perioden som landbruksminister i åra 1976-1981.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Øksnes vart i 1987 slått til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]