Oske
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oske etter forbrenning av steinkol
Oske er det som blir tilbake av det brennbare materialet etter ei fullstendig forbrenning.
I praksis består oske av alle material som ikkje er organiske (mineraler og kjemiske forbindelser), t.d.: Al2O3, CaO, Fe2O3, MgO, MnO, P2O5, K2O, SiO2, Na2CO3, NaHCO3, etc.
Eigenvekta av frisk vedoske teken ut av omnen er ca. 0,3 ( 0,3kg/l).
[endre] Bruk
På grunn av innhaldet av Kalium (K2O) og Kalsium (CaO), kan oske frå vedfyring nyttast som jordforbetringsmiddel. Ei mengde på inntil 3 liter pr. 10 m² (300 liter pr. dekar) årleg, kan vere passende.