Oskoreia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Aasgaardreien» av Peter Nicolai Arbo.

Oskoreia eller berre Reia er ein flokk av troll og daude folk frå skandinavisk folketru. Tradisjonen står i Noreg sterkast i dei sørlege fjell- og dalbygdene. Oskoreia er i slekt med den ville jakta som ein trudde på i store delar av Europa.

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein meinte at følgjet herja når det var mørkt, særleg rundt juletider. Då bråka dei rundt omkring og kunne ta med seg både mat og ting, folk og dyr. Dersom Oskoreia hadde vore i nærleiken kunne ein venta seg slåsting, drap og sjølvmord, medan ein som hadde sett henne kunne tolka det som at han snart skulle døy. Reia forlét ofte garden på trettandedagen.

Sjølv om det var om å gjera å ikkje få auge på Reia, var det mange som kunne skildra henne. Det var ofte sagt at Guro Rysserova leia følgjet, men Tostein Langbein, med lang nase og bein, er òg nemnd som leiar. Julebukken kunne vera med i følgjet. Daudingane som var med var ofte ugjerningsmenn, som tjuvar, mordarar og sjølvmordarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Oskoreia er og kjend som Jolereia og Imberkulludn på norske dialektar. På bokmål kan namnet òg skrivast Åsgardsreia eller Åsgårdsreia. På svensk blir ho kalla Odens hundar eller Odens jakt.

Ordet 'oskorei' har truleg opphav i oska, jf. svensk åska ('tore') av åsekja, 'gudeaking' og reið, 'ritt'.[1] Åsgårdsrei er ei nylaging som byggjer på orda oskorei og Åsgard, gudeborga i norrøn mytologi. [2] Det er hevda at det kan vera samband mellom ordet Oskoreia og æsene frå norrøn gudetru gjennom eit mogleg norrønt ord *ásgoðreið ('åsgudfølgje').[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
  2. Oppslag på «åsgårdsrei» i Bokmåls- og Nynorskordboka
  3. Oppslag på «oskorei» i Bokmåls- og Nynorskordboka