Oslo-Fergene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslo-Fergene AS er eit norsk ferjeselskap som trafikkerer øyene i indre Oslofjord: Hovedøya, Lindøya, Bleikøya, Nakkholmen, Langøyene og Gressholmen. Selskapet har eksistert under forskjellige namn sidan 1917. I 1917 hadde det namnet «Holm», seinare «Holm og J. Bøe», så «J. Bøe» og vidare «Oslo Fergene Thor Bøe», og frå 1980 verka det under namnet «Oslo-Fergene A/S».

Josef Bøe og Axel Holm var dei to som stifta selskapet og fekk konsesjon på passasjertrafikken til øyene den 16. april 1917. Den første tida skjedde dette med opne motorbåtar.

Frå 1917 trafikkerte selskapet Bleikøya, Lindøya og Nakkholmen - dei såkalla hytteøyene. I 1936 byrja selskapet å trafikkerer sjøvlyhamna på Gressholmen. Frå 1968 begynte selskapet å trafikkere Hovedøya, og frå 1986 overtok selskapet trafikken til Langøyene.